Hopp til innhold

Pudderekspressen stiller opp for entusiastiske skikøyrarar

I Sogndalsdalen sett skiløparar i hopetal utfor fjellsidene – ofte ender dei opp langt borte frå skiheisane.

Video Pudderekspress i Sogndal

SJÅ TV-SAKA: Pudderekspressen i Sogndal

Men då er redninga nær, for pudderekspressen er ikkje langt unna. Kvar dag køyrer ein minibuss gjennom Sogndalsdalen og plukkar opp skikøyrarar som har funne nye vegar langt utfor dei oppkøyrde løypene.

Dermed får entusiastiske og snøglade folk endå fleire turar i fjellet. Laussnøekspressen tredoblar talet på skiturar for pudderentusiastane.

– Det er kjekt å drive på med dette, for det er kjekk og nøgde ungdommar, seier Ingollf Yttri.

Mange meiner at Sogndal er ein av dei beste skidestinasjonane i landet. Ein av dei som likar seg her er Jens-Erik Furulund.

– Tidlegare har vi gått og styra og ikkje klart så mange turar på ein dag. No får vi mange fleire i det som veldig mange omtalar som Norges beste skogkøyring.

Pudderekspressen i Sogndal

KLAR FOR NYE TURAR: Pudderekspressen er ikkje langt unna.

Foto: Håvard Holme / NRK