Hopp til innhold

No er nye E39 mellom Bergen og Os offisielt opna

Klokka 12.10 måndag ettermiddag opna samferdsleminister Jon-Ivar Nygård (Ap) ny E39 mellom Os og Bergen. Opninga vart gjort med ei båtbyggarøks frå Oselvarverkstaden, ved at snora vart hogd av på ein hoggestabbe. Vegen, som er det dyraste vegprosjektet nokosinne i Vestland, vil korta ned køyretida mellom Os og Bergen med 17 minutt. Dette er også den første motorvegen i Vestland med fartsgrense på 100 km/t.

Jon-Ivar Nygård opnar den nye motorvegen mellom Bergen og Os.
Foto: Leif Rune Løland / NRK