Hopp til innhold

No drøymer han om VM

Ein draum har gått i oppfylling for Stian Grimseth. EM i vektløfting vart akkurat slik han hadde håpa. No torer han å tenke endå større.

Stian Grimseth takkar Tamas Ajan for skryt

KLARE FOR NYE OPPGÅVER: Stian Grimseth takkar her Tamas Ajan for skryt etter EM-arrangementet. Å arrangere VM er fullt mogleg etter dette, trur naustedølen.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Det er klart det er freistande å tenkje VM. Vi kan klare større oppgåver. OL er eg heilt sikker på at vi ikkje får, men eit VM er mogleg, seier leiar i organisasjonskomiteen, Stian Grimseth.

Han skundar seg å understreke at han per no ikkje går med konkrete planar om eit VM. EM-generalen ser at både logistikk og økonomi er faktorar som kan gjere det vanskeleg, men at det heller ikkje er umogleg.

Ei veke med tunge løft er avslutta i Førde. EM i vektløfting er eit av dei største internasjonale idrettsarrangementa arrangert i Fjordfylket nokon gong.

400 frivillige

I meisterskapen deltok 396 utøvarar frå 40 ulike land, og 30 timar direktesendt TV med 33 millionar sjåarar sette Sunnfjord og Sogn og Fjordane på kartet.

Grimseth tippar mellom 6000–7000 tilskodarar har teke turen til Førdehuset denne veka for å få med seg dei sterke utøvarane.

Norge stilte med 12 utøvarar, der fem av ei var frå Tambarskjelvar. Heile 400 frivillige var i sving både før og under meisterskapen. Med 10.000 dugnadstimar skjønar ein at dei frivillige har vore viktige.

– Det har vore fantastisk. Over 400 personar har vore med og jobba. Klubbar frå heile landet har vore her og gjort dette mogleg. Frivillegheita har rett og slett blomstra. Opplevinga av å ha så mange nasjonar samla har vore stor, og det fine vêret har vore ein kjempebonus, seier Grimseth.

IWF-president Tamas Ajan og Stian Grimseth på scena under opninga av EM i vektløfting

40 NASJONAR: IWF-president Tamas Ajan og Stian Grimseth på scena under opninga av EM i vektløfting

Foto: Rune Fossum / NRK

– Må byggje nytt hotell

Visepresident i det internasjonale vektløftarforbundet, Trygve Duun, seier Førde ville vere fullt i stand til å arrangere eit VM, men at hotellkapasiteten ville blitt ei utfordring med dobbelt så mange tilreisande som til EM.

– Eg sa til ordføraren under banketten at då må dei byggje eit hotell til, ler Duun som ikkje ser bort frå eit junior VM.

Han er full av lovord om førre vekes arrangement.

– Fantastisk varme og eit flott publikum, og veldig godt teknisk organisert. Det er desidert det beste arrangementet eg nokon gong har vore med på, seier Duun.

Han har notert seg nøkkelfaktorane for kvifor EM i vektløfting i Førde vart ein suksess.

– Det første er alle som står bak og har engasjert seg. Stian Grimseth, Knut Folkestad, Rolf Egge og Tom Farsund. Det andre er støtta frå fylkeskommunen, og Førde og Naustdal kommunar, næringslivet, dei frivillige og ikkje minst publikum som er med å lage trykk, seier Duun.

Rekorddeltaking

Trass i at Førde er den desidert minste plassen som har arrangert Europameisterskapen var det rekorddeltaking i år med 25 prosent auke.

– Det krev mykje logistikk. Berre det å ha overnatting til alle. Men det har utruleg nok fungert, seier han.