Hopp til innhold

No blir det varme haustdagar over heile landet

Haustsola gir vakre dagar både i vest og i nord i dag, men i morgon kan heile landet glede seg over flott haustvêr.

Bukta på Sandane.

VARMT I VEST: Vestlandet kan vente seg opp mot 19 grader i dag. I morgon får heile landet sol og vakkert haustvêr. Her frå Bukta på Sandane.

Foto: Laila Bergheim Ommedal

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Sola strålar frå blå himmel mange stader i landet i dag. På Vestlandet kan temperaturen ende i 19 grader.

Ein fønvind får æra for at det blir såpass varmt denne onsdagen.

– Det blir ein fin dag med ganske sommarlege temperaturar. 19 grader er ganske bra til å vere i slutten av september, seier statsmeteorolog Unni Nilssen.

Også i Nord-Noreg kan dei sjå fram til ei vakker dag, men temperaturane blir ikkje like høge som på Vestlandet.

Vinden som gir varme i vest, slår ikkje like godt ut på Sørlandet. Frå kysten frå Lyngør til Lindesnes er det varsla nordaust stiv kuling.

Satelittbiletet frå onsdag morgon syner at det nesten er skyfritt over Trøndelag og Nord-Noreg. Dei neste dagane er det venta sol og temperaturar frå 10-15 grader.

Satelittbiletet frå onsdag morgon syner at det nesten er skyfritt over Trøndelag og Nord-Noreg. Dei neste dagane er det venta sol og temperaturar frå 10-15 grader.

Foto: Meteorologene

På Austlandet er det venta litt nedbør og skyar i dag.

Sol over heile landet

Medan det er litt «blanda drops» i dag, kan heile landet sjå fram til morgondagen.

Om du har tenkt deg på fjelltur, er dette dagen du bør nytte høvet. Då blir det nemleg opplett og sol.

Sør-Noreg får mellom 11–16 grader, medan temperaturen blir hakket lågare i nord. Gradestokken kjem til å syne mellom 10–14 grader. Ifølge meteorologen er det ganske høgt i høve årstida.

Rjåneset i Ørsta

Heile landet kan sjå fram til ein vakker dag torsdag. Her frå Rjåneset i Ørsta.

Foto: JUNE MÅLFRID RØNNING JOHANSEN

Fram mot helga søkk temperaturen i Nord-Noreg. Inn mot helga er det venta nattefrost i Troms og Finnmark. På dagtid blir det om lag fem grader lengst i nord, medan Nordland får om lag ti-tolv grader.

Det vakre vêret blir verande gjennom heile helga.

– Det blir fint og klart haustvêr, og mykje sol, seier Nilssen.

Nord-Noreg vêrvinnaren denne veka

Vestlendingane bør nyte sola og varmen medan dei kan, for fredag kveld snur vêret. Eit lågtrykk ute i havet kan føre til liten storm og nedbør gjennom helga.

På Austlandet er det venta litt nedbør, og særleg laurdag. Søndag er det betring i sikte, fortel meteorologen.

Når Nilssen oppsumerer veka, er det ein landsdel som stikk seg ut:

– Det er litt blanda drops i sør denne veka, men meir stabilt i nord. Så Nord-Noreg er vêrvinnaren denne veka.