Hopp til innhold

Tysdag kveld blir det sørpe vått igjen

Det er venta mildvêr og store nedbørsmengder tysdag. Norges vassdrag- og energidirektorat går ut med varsel om jordskredfare i Sogn og Fjordane, Trøndelag og Nordland.

Skredestranda

SKRED: Eit kjemperas førre helg sperra riksveg 15 forbi Skredestranda i ei veke. No er nye store nedbørsmengder på veg.

Foto: Øystein Torheim

NVE varslar moderat fare for jordskred, flaumskred og utglidingar grunna mykje regn og snøsmelting.

Bratte skråningar, samt bekkar og elveløp med stor vassføring er spesielt utsett. NVE oppmodar til reinsing av dreneringsvegar og stikkrenner.

– Det er sendt ut flaumvarsel for heile fylket, men nedbøren blir nok mest intens i ytre strok tysdag kveld, seier statsmeteorolog Aslaug Skålevik Valved.

Våt tysdagskveld

Sogn og Fjordane har nett lagt bak seg nok eit uvêr med mange ras og store øydeleggingar. Dei siste vegane vart opna att fredag . Tysdag kan det altså vere «på'an igjen». Vått blir det også i nordlege delar av Hordaland.

Vêrvarslinga på Vestlandet åtvarar mot lokalt store nedbørsmengde, opp mot 60 millimeter på eit nedbørsdøgn. Det meste kjem på kveldstid og verst blir det truleg i ytre strok.

(Artikkelen held fram under biletet)

Våt tysdag

PROGNOSE: Prognosane for Sogn og Fjordane tysdag 26. november, meir enn antyder ein våt ettermiddag og kveld.

Foto: met.no

– Vi går inn i varm sektor, området mellom ein varmfront og kaldfront. Det blir veldig mildt og temperaturen vil auke med i alle fall seks grader, fortel Skålevik Valved.

Ventar flaumskade

Ein treng ikkje vere rakettforskar for då å skjøne at snøen som har lagt seg over fylket vil smelte. Saman med lokalt store nedbørsmengder kan det bli vel mykje vatn i jorda og elve/bekkefar.

– Berre på bakgrunn av nedbøren åleine, er det sendt ut obs-varsel. Saman med snøsmeltinga så kan det bli lokale flaumskader, seier Skålevik Valved.

– No har vi nett lagt bak oss uvêr og mange ras. Blir det like gale no?

– Det er ein litt annan vêrtype som kjem no. Sist var det mykje vind i kombinasjon med regn. Men faren er definitivt til stades for ras.