Tor Bremer frå Arbeidarpartiet blir den nye varaordføraren.
Godt nøgde
Stemninga var stor i Sp-leiren i går kveld, då resultatet var klart. Og Senterpartiet har all grunn til å juble. Den siste oversikten syner at partiet vil få ein oppslutnad på over 28 prosent, som er ein framgang på over fire prosent frå førre val. Fylkesleiar Liv Signe Navarsete var gledeleg overraska.
-Eg er litt matt akkurat no, men mest av alt er eg takknemleg for at folk i fylket har stemt på oss. Vi skal no gjere det vi kan for å innfri forventningane folk har til at Senterpartiet skal gjere ein god jobb i dette fylket. I tillegg er det gledeleg at vi også på landsplanet har snudd ein trend. Trass i alle politiske spådommar har vi på landsbasis gjort eit val som er like bra som for 4 år sidan. Eg trur vi er i ferd med å leggje eit grunnlag for eit godt val også om 2 år, når vi skal skifte ut den sitjande regjeringa med ei anna regjering. Også det er viktig, seier ho.
KrF skuffa
SV og Frp er dei to andre vinnarene i fylkestingsvalet, og ser til å auke talet på representantar frå to til tre. Arbeidarpartiet held stand med ti representantar. Dei store taparane er utan tvil regjeringspartia. Høgre taper to mandat og Kristeleg Folkeparti ser ut til å taper minst to av sine fem representantar. Fyrstekandidat for KrF Svein Ottar Sandal legg ikkje skjul på at han er skuffa.
-Det er klart at det er stor tilbakegang for KrF. Problemet er kanskje at vi ikkje finn einskilde saker i eige fylket, samt at landstrenden også slår inn over Sogn og Fjordane. Vi har det siste året mista ein dyktig medarbeidar i Magne Aarøen, og det har jo gjort at det har blitt meir på oss andre. Vi har ikkje klart å nå langt nok ut til alle kommunane med bodskapen vår i denne valkampen, seier Sandal.