Hopp til innhold

Kiki og Remi: – Like trygt hos oss som på hotell

Denne sommeren bør ferierande i Noreg nytte seg av registrerte overnattingsstader, meiner NHO Reiseliv. – Småleg overfor den private utleigermarknaden, kvitterer professor.

Remi Lunde Solbakken og Kiki Bang Airbnb, Hafslo gjestehus

REINT OG FINT: Kiki Bang og Remi Lunde Solbakken driv Airbnb på Hafslo i Sogn. Dei forsikrar at det vil vere like trygt å overnatte hos dei som på hotell i sommar.

Foto: Ola Weel Skram / NRK

NRK retter: Første versjon av denne saka lét etter seg eit inntrykk av at næringspolitisk talsperson i NHO reiseliv, Ole Michael Bjørndal, meinte det var «mindre trygt» å nytte seg av den private utleigarmarknaden, og der denne insinuasjonen ramma Kiki Bang og Remi Lunde Solbakken. Det er det ikkje grunnlag for.

– Me rår til at norske turistar og besøkjande først og fremst nyttar seg av registrerte hotell, leligheter og campingplassar som overnattingsalternativ. Der har ein garanti for at smitteverntiltak er gjennomført.

Det seier næringspolitisk talsperson i NHO reiseliv, Ole Michael Bjørndal, til NRK.

Han presiserer at tilrådinga er «generell» og utan brodd mot den private utleigarmarknaden.

Han legg til at det viktigaste argumentet handlar om kvar enkelt kommune si evne til å halde oversikt over kor mange som oppheld seg der.

– Hotella og andre overnattingsstader har oversikt over sengeplassar og kva tiltak som er treft. Via Airbnb har ein ikkje like god oversikt over tilstrøyminga.

– Vi er gode på reinhald

Sambuarparet Kiki Bang og Remi Lunde Solbakken på Hafslo meiner at tilrådingane frå NHO Reiseliv ikkje rammer dei, og at dei dessutan rapporterer inn alle overnattingar til kommunen.

– Me har halde på med Airbnb i fire år, vi har fått 750 tilbakemeldingar der 95 prosent gir oss fem stjerner. Så me er «superhost», og reinhald er noko av det me er best på, seier Solbakken.

At det skal vere mindre trygt å bu hos dei enn i den regulerte hotellmarknaden fordi dei ikkje har «profesjonelle vaskarar», avviser han.

– Me kjem ikkje akkurat til å ligge på latsida no i denne koronatida. Då gjer me heller ein innsats for at det skal bli enda betre. Eg trur dei kan få like godt service og reinhald her som på eit hotell.

– Ikkje ein reell frykt

Professor Tor Wallin Andreassen ved Norges handelshøyskole i Bergen har heller ikkje sans for NHO sine tilrådingar om å nytte seg av hotell i sommar.

– Det er ein frykt som ikkje er reell, seier han, og kallar det «ei form for smålegheit» å ikkje forstå behovet til dei som vil velje billege alternativ.

Han er ein av landets fremste ekspertar på den nye delingsøkonomien, som Airbnb er ein del av.

Professoren meiner det ikkje er grunn til å tru at det er mindre trygt å bu privat enn å bu på hotell.

– Airbnb har vore opptekne av at det skal vere trygt for kunden. Det er krav til tryggleik, og det er ikkje noko usikkert rundt dette.

Remi Lunde Solbakken og Kiki Bang - Airbnb Hafslo Gjestehus.

TAPAR STORT: Reiselivsnæringa er i kneståande etter at koronakrisa råka. No vonar Airbnb-vert Remi Lunde Solbakken at norske turistar vel å bruke sitt eige land i sommar.

Foto: Ola Weel Skram / NRK

Tapar mykje pengar

På Hafslo gjestehus skulle Remi Lunde Solbakken og sambuaren ha husa gjester frå heile verda gjennom utleigetenesta Airbnb.

Nett no er det tomt, og inntektstapet er stort.

– Me håpar nordmenn vil vere flinke å bruke oss i sommar, sjølv om det truleg ikkje vil kompensere bortfallet frå internasjonale gjester, seier Solbakken.