Hopp til innhold

Etablerer norsk reiselivsgigant under koronakrisa

Reiselivet er i historisk krise. Samstundes etablerer to reisemål på Vestlandet ein av Noregs største reiselivsaktørar.

Myrkdalen fjellandsby

MYRKDALEN FJELLANDSBY: I Myrkdalen i Voss herad driv Myrkdalen fjellandsby både skiheis, hotell og hytteutbygging.

Foto: Sverre Hjørnevik

– Tidspunktet kunne ikkje ha vore betre. Det skapar framtidstru blant våre eigne tilsette og optimisme i næringa. Det er ei framtid etter korona, og med dei grepa vi gjer no, meiner eg vi kjem styrka ut av dette, seier Kaia Finne, administrerande direktør i Myrkdalen Fjellandsby i Voss.

Selskapet har investert tre milliardar kroner i ein moderne fjellandsby med over 600 hytter, skitrekk og hotell oppunder Vikafjellet.

Og det er ingen kven som helst selskapet hennar har slått seg saman med. Aurland Ressursutvikling er nemleg medeigar i turistmagneten Flåmsbana og reiarlaget som driv båttrafikken på den verdskjende Nærøyfjorden i nabokommunen. I tillegg eig dei hotell og butikkar i Flåm.

Paraglider silhouette flying over Aurlandfjord, Norway

POPULÆRT: Aurland i Sogn er ein av landets mest populære turistmål med Flåmsbana og verdsarven i Nærøyfjorden.

Foto: Thomas Mørkeberg

Ein milliard i omsetnad

Det fusjonerte selskapet blir av ein av Noregs største reiselivsaktørar med ein årleg omsetnad på ein milliard kroner. Selskapet vil sysselsetje 500 heilårs- og deltidstilsette og får meir enn 1,2 millionar gjester.

– Flåm er eit av verdas mest populære reisemål og har flest besøkande i sommarsesongen. Myrkdalen er ein populær vinterdestinasjon, med ein klar utviklingsstrategi innanfor det aktive heilårssegmentet, seier Solrun Hjelleflat, konsernsjef i Aurland Ressursutvikling.

– Vil vere motor i norsk reiseliv

Hjelleflat vil halde fram som konsernsjef i det fusjonerte selskapet.

– Vi er hardt råka av koronakria no, men det kjem ei tid etter koronaviruset for reiselivet. Dette selskapet kjem til å vere en motor som skal sikre at vi kan drive heile året, seier Hjelleflat.

Ho er tydeleg på at selskapet også skal vere ein motor i ei ytterlegare industrialisering av reiselivet i Noreg.

Solrun Hjelleflat (t.v.) og Kaia Finne.

FUSJONERER: Solrun Hjelleflat (t.v.) vert ny konsernsjef i det fusjonerte selskapet. Saman med direktør i Myrkdalen Fjellandsby, Kaia Finne, skal det satsar på heilårsturisme.

Foto: Pressefoto

Prega av koronakrisa

Begge selskapa er i dag prega av koronakrisa. Alle tilsette er permitterte og det er ingen turistar å sjå på begge sider av fjella. Men Finne avviser at samanslåinga er eit forsøk på å kome seg betre gjennom krisa.

– Vi har jobba i lang tid med dette, og tidspunktet har ikkje noko å gjere med koronakrisa.

– Stor interesse for ski og fjord

I staden peikar ho på at dei no vert eit meir slagkraftig selskap som kan tilby norske og utanlandske turistar heilårsopplevingar.

– Det er utruleg stor interesse for kombinasjone med fjord og ski. Og det at vi no får eit større og felles sal- og marknadsapparat gjer at vi får meir slagkraft i marknaden.