– For ein ungdom kan det vera veldig øydeleggande, sjølv om det ikkje er ekte nakenbilete, seier Rune Fimreite i nettpatruljen til Vest politidistrikt.
I det siste har dei sett ei oppblomstring av unge som blir forsøkt pressa for pengar på nett.
Pressmiddel: Tilfeldige nakenbilete der fjeset til personen er redigert inn.
– Det har blitt ganske enkelt å redigere bilete slik at det ser veldig ekte ut, seier Fimreite.
Rune Fimreite er leiar for nettpatruljen i Vest politidistrikt. Han seier dei har sett fleire tilfelle av utpressing der det blir brukt falske nakenbilete.
Foto: Åge AlgerøyHar aldri sendt nakenbilete
Det er ikkje nytt at kriminelle brukar nakenbilete av andre for å presse dei for pengar eller andre tenester på nettet.
«Sextortion», eller seksuell utpressing med økonomisk motiv, er noko av det politiet sine nettpatruljar ser mest av i jobben.
– Nokon kan sende bilete av seg sjølv til personar dei har møtt på nettet. Seinare viser det seg at personen ikkje var den dei trudde, og bileta blir brukte til utpressing, forklarar Fimreite.
BLIR PRESSA: «Sextortion», eller seksuell utpressing med økonomisk behov, er blitt vanleg. No blir det også brukt falske bilete.
Foto: Åge Algerøy / NRKMen no er det fleire som opplever å bli pressa, sjølv om dei aldri har sendt noko bilete av seg sjølv.
– Utpressaren finn bilete på sosiale medium, klipper ut fjeset og redigerer det inn i eit tilfeldig nakenbilete, seier Fimreite.
Vidare kan personen finne namn på familie og vener, som dei truar med å sende bileta til.
– Kan vera skadeleg og traumatiserande
Leiar i nettpatruljen for Øst politidistrikt, Jostein Dammyr, seier dei har hatt rundt to slike tilfelle i veka den siste månaden. Det er for det meste unge personar som er utsette.
– Unge er spesielt sårbare. Berre ei antydning til at nokon andre trur bilete er ekte kan vera skadeleg og traumatiserande for ein ungdom.
Om ein opplever å bli pressa ved bruk av falske nakenbilete, er det viktigaste å blokkere og rapportere brukaren som driv utpressing, seier både Dammyr og Fimreite.
Stadig fleire blir utsette for seksuell utpressing på internett.
Foto: Lars- Bjørn Martinsen / NRKDei anbefaler heller ikkje å svare personen.
– Men då kan ein risikere at bileta blir sendt likevel?
– Ja, og då må ein forklare til vener og familie at bilete er falskt. Det kan vera problematisk og øydeleggande for den som er råka, seier Fimreite.
Det nyttar å melde til politiet
Om ein opplever å bli pressa eller forsøkt pressa for pengar eller andre tenester over nett, bør ein alltid melde til politiet, ifølge politiet.
– Det er viktig, sjølv om me veit at det er stor fare for at saka blir lagt bort er stor, seier Dammyr.
Politiet har fått flere tips om utpressing på nett ved bruk av nakenbilder. Dette tipset er fra noen som selv har sendt bilder.
Foto: / PolitietPolitiet har fått flere tips om utpressing på nett ved bruk av nakenbilder. Dette tipset er fra noen som selv har sendt bilder.
Foto: / PolitietNår saka blir meldt til politiet går det inn i statistikken, som gjev politiet betre oversikt over omfang og alvorsgrad.
– Det er komplisert og ressurskrevjande å finne ut kven som står bak brukarane, spesielt om dei er utanlandske. Men er omfanget stort nok kan ein gjere det.
Uansett om ein tar kontakt med politiet eller ei, bør ein fortelje det til nokon ein stoler på.
– Det kan vera traumatiserande å sitte med opplevinga aleine, seier Dammyr.
Hei!
Har du tips eller innspel til denne saka? Send meg ein e-post!
I NRK dokumentaren «Porno 2022» får Sophie Elise Isachsen og Kåre Magnus Bergh sjå seg sjølv redigert inn i ein pornofilm ved bruk av teknologien «deepfake».