Hopp til innhold

Var kjempenervøs før tacokvelden

– Eg hadde verdas høgaste puls og har aldri kjent på ei slik redsle. Eg var kjempenervøs.

Linn Skåber, Ronny Brede Aase, Lars Andreas Aspesæter

SUBBAR: Ingen får vite kvar dei skal, men dukkar Linn Skåber, Ronny Brede Aase og Lars Andreas Aspesæter opp i ditt nabolag vil du merke det. – Taco-vogna får køyrt seg. Den er laga i Nederland og definitivt ikkje laga for norske vegar og fartsdumpar. Den tek nedi så det ljomar etter, ler Aase.

Foto: Jon Marius Hyttebakk / NRK

Slik skildrar Ronny Brede Aase sitt første møte med familien Hauge Pedersen i Tønsberg.

For det var ikkje berre berre då radioverten debuterte som programleiar for NRK sitt splitter nye TV-show – Linn & Ronnys tacoshow .

Linn&Ronnys Tacoshow

GULLREKKJA: Ronny Brede Aase er mest kjend som programleiar i P3 Morgen, men har også tidlegare medverka i TV-produksjonar i beste sendetid på NRK. I haust skal han i tospann med Linn Skåber inn i Gullrekka til NRK, med over ein million sjåarar.

Foto: Julia Marie Nagelstad / NRK

– Eg var så nervøs. Familien har meldt seg på og sagt at vi er velkomne, men når vi kjem 30 mann frå NRK og skal inn med så mykje utstyr så er jo sjansen for at dei ikkje er heime eller at dei angrar seg. For dei veit jo ikkje at vi kjem, humrar 30-åringen frå Førde.

Minne for livet

Så var ikkje tilfelle i Tønsberg, der familien opna dørene og lét dei forvandle stova til eit TV-studio som etter kvart vart fullt av celebre gjester. Til stor glede for både familien og norske TV-sjåarar.

Det var mange nerver før Linn og Ronny skulle hjem til familien Hauge Pedersen for å overraske dem.

DEBUT: Linn Skåber og Ronny Brede Aase hadde nokre nervepirrande minutt før første innspeling av tacoshowet.

– Tanken er jo å lage «deira» draumeprogram. Vi gjer research på familiane vi har plukka ut og veit nøyaktig kva dei likar, seier Aase.

– Vi ynskjer å lage eit skikkeleg fint fjernsynsprogram, og eg verkeleg håpar at dette blir eit minne for livet for dei som er med utover hausten, seier Aase.

– Ein litt tullete tanke

Ronny Brede Aase

NERVØS: Ronny Brede Aase (t.h.) vedgår at nervane stod i høgspenn før innspelinga av første program av Linn & Ronnys tacoshow.

Foto: NRK

Konseptet er enkelt. Familiar har meldt si interesse for å få Aase og medprogramleiar Linn Skåber i stova si. Kven som får besøk er det ingen andre enn programskaparane som veit.

I alle fall ikkje før fredagen kjem og produksjonsteamet bankar på døra.

– Eigentleg er det jo ein litt tullete tanke i form av at det er litt umogleg. NRK har i mange år leika med tanken å flytte det typiske talkshowet vekk frå studio og heim i stova til nokon, seier Aase, mest kjend som «P3-Ronny».

Skummel eksponering

På grunn av innspelinga av TV-showet blir ikkje Aase å høyre på P3 Morgon torsdagar og fredagar dei neste vekene. Han vedgår at han går til den nye jobben med skrekkblanda fryd.

– Ein får jo litt noia. Folk som ikkje kjenner meg frå P3 kan ha ei heilt anna oppfatning av meg enn den jamne P3-lyttaren. Det er skummelt å eksponere seg for folk som kanskje tykkjer at du er fullstendig idiot, seier han og legg til:

– Men eg håpar at folk ser at det er eit hyggeleg program, at vi kosar oss og at familien får seg ei hyggeleg overrasking.

Til Sogn og Fjordane?

For å ikkje øydelegge overraskingsmoment seier ikkje Aase om også heimfylket får besøk av duoen.

– Men vi skal spreie oss godt og dekke mykje av Norge. Det blir litt fram og litt tilbake, humrar han.

– Det er åtte program no og kanskje det kjem ein sesong to om folk likar det, avsluttar han.