Hopp til innhold

Nektar for brutalt valdtektsforsøk

Mannen som er tiltalt for valdtektsforsøk av ei 90 år gamal kvinne, nekta straffskuld då saka starta mot han i Sogn og Fjordane tingrett i dag.

Han nekta også straffskuld for å ha teke seg inn i huset til kvinna i fjor sommar.

Kvinna fortalde politiet at mannen tok seg inn vindauget. Politiet meiner at mannen også tok kvelartak og uttala at han skulle drepe kvinna.

Forsvarer Abdelilah Saeme seier at det aldri var snakk om eit forsøk på seksuell omgang.

– Det er ei spesiell sak, vedgår Saeme og legg til at det er ein del ting den tiltalte ikkje hugsar. Mannen skal først forklare seg tysdag.

Kvinna døydde nokre månader seinare.

– Det er snakk om eit brutalt angrep på fornærma i hennar eigen heim. Særskilt i lys av hennar høge alder så framstår saka veldig grov og krenkande, seier bistandsadvokat Ingrid Aksnes.

Det er sett av tre dagar til saka i tingretten.