Hopp til innhold

Tiltalt steson: – Eg fekk sjokk då eg høyrde han var død

BERGEN TINGRETT (NRK): Den tiltalte 29-åringen svara nei på spørsmål om straffskuld for drapet på sin stefar i Loddefjord i desember 2014.

Politihund søker etter spor i Loddefjord etter dødsvold

DRAP: Politiet rykka raskt ut til blokkleilegheita i Loddefjord, etter melding om funn av ein medvitslaus mann. Politiet sperra av inngangen til blokka etter funn av blodspor, og her er hundepatruljen på plass.

Foto: Jon Bolstad / NRK

Hovudforhandlinga i Bergen tingrett byrja onsdag, eit halvanna år sidan ein 62 år gamal mann vart funnen død i si eiga blokkleilegheit i Loddefjord i Bergen.

Retten vart sett klokka 09.38, litt forseinka grunna tekniske problem. Rettens administrator, Morten Haldorsen, las opp tiltalen for den 29 år gamle mannen.

29-åringen er tiltalt for forsettleg drap på ein 62 år gamal mann, men svara nei på spørsmålet om straffskuld.

Den tiltalte møter i retten iført dongeribukser, blå genser og grå skjorte. Han er også tiltalt for fleire forhold, mellom anna vald mot ein ven i Høyanger berre fire dagar før drapet i Bergen.

Rettssak etter drap i Loddefjord

I RETTEN: Statsadvokat Magne Kvamme Sylta førebur seg før første dag i retten i dag.

Foto: Jon Bolstad / NRK

– Drepen med krykke

Politiet rykka raskt ut til bustaden til 62-åringen 12. desember 2014, etter at hans sambuar melde frå om kva ho hadde funne då ho kom heim. Den same natta vart den no tiltalte 29-åringen arrestert i ein leilegheit hjå ein kjenning i Os.

29-åringen vart først sikta for dødsvald, men etter at obduksjonsrapporten låg føre ein månad etterpå, valde politiet å utvide siktinga til å gjelde forsettleg drap.

62-åringen vart funne med store hovudskadar, og politiet meiner den tiltalte har slått stefaren «gjentatte ganger i hodet med et slagredskap, formentlig en krykke og/eller med knyttet hånd».

Valden førte til omfattande brot- og knusingsskadar, primært i ansiktet og hovudet til 62-åringen, og påtalemakta meiner mannen døde etter kort tid.

Legg fram overvakingsvideoar

Etter spørsmål om straffskuld, tar aktor Magne Kvamme Sylta over.

I si innleiing fortel han at påtalemakta mellom anna har video frå fleire overvakingskamera som vil visast fram i retten. Videoane, samt vitneobservasjonar, viser den tiltale sine bevegelsar både før og etter drapet.

Men kva påtalemakta meiner er drapsmotivet, er framleis uklart.

I tillegg til at 29-åringen er observert med blodige klede, vart han også sett gåande med to krykker forut for drapet. Sjølv fortel 29-åringen at han gjekk med krykker fordi han skada foten i basketaket med kompisen i Høyanger nokre dagar før.

Sol Elden, forsvarer

Advokat Sol Elden forsvarar den tiltalte 29-åringen.

Foto: Jon Bolstad / NRK

Tiltale forklarte seg

Klokka 11.20 er tiltalte i gang med å forklare sin versjon om kva som skjedde hjå stefaren 12. desember 2014. 29-åringen fortel at han oppsøkte leilegheita for å besøke mora, men at det berre var 62-åringen som var heime.

Han tilbyr stefaren ei flaske whisky og blir invitert inn i leilegheita. Der byrjar dei å diskutere det turbulente forholdet mellom 62-åringen og tiltale si mor.

29-åringen seier i retten at han verbalt gav sin stefar beskjed om at han måtte slutte med å drikke så mykje alkohol og at han måtte skjerpe seg.

– Angreip meg med kniv

Den etter kvart så oppheta diskusjonen blir avbrote av at 62-åringen meiner nokon bankar på ytterdøra. Ifølge tiltalte hentar stefaren ein kniv på kjøkkenet før han går ut i gangen for å konfrontere kven som måtte vere utanfor.

– Han gav meg ein del stygge blikk, blikk som kunne drepe. Eg tenkte at det må ha klikka for han. Då han kom inn igjen i stova hadde han framleis kniven i handa og han stilte seg over meg som sat i sofaen, fortel 29-åringen.

Den lange diskusjonen har no utvikla seg til eit basketak, og den tiltalte meiner det er stefaren som angrip han først.

– Han stakk kniven mot meg, og eg får stoppa han med neven min. Eg bøyer armen hans, slik at kniven hamnar på golvet. Då han prøver å få tak i kniven igjen, seier han at «no er du ferdig». Då drar eg til han i ansiktet med knyttneven. Så blir det heilt svart, forklarar 29-åringen.

– Han var i live

Det neste han hugsar er at han står på badet og ser seg sjølv, blodig, i spegelen. Ifølge 29-åringen får han grei beskjed av stefaren om å komme seg ut av leilegheita.

– Han heldt seg til ansiktet og eg forstod at han hadde smerter. Eg gjekk ut og han låste døra etter meg, fortel 29-åringen før han legg til at han ikkje snakka med så mange om kva som hadde skjedd med stefaren, før eit nyheitsvarsel om eit drap i Loddefjord dukka opp på TV-skjermen.

– Verden heldt på å rase saman. Eg fekk beskjed om at han eg hadde slost med, var død.