Hopp til innhold

Åtte års forvaring for å ha slått stefaren i hel med krykke

29-åringen var tiltalt for drap, men er i staden funnen skuldig i dødsvald på stefaren i Loddefjord for snart to år sidan.

Politihund søker etter spor i Loddefjord etter dødsvold

DØDSVALD: Ein 62 år gamal mann vart funnen død i ei blokkleilegheit i Loddefjord, desember 2014. No er stesonen dømd for valden.

Foto: Jon Bolstad / NRK

Den 29 år gamle mannen var tiltalt for forsettleg drap på sin 62 år gamal stefar. Han møtte i Bergen tingrett i midten av august.

No er dommen klar. 29-åringen er dømd til forvaring på åtte år og sju månadar, med ei minstetid på seks år, for brot på straffelovens paragraf 229.

Det vil seia at retten ikkje har funne 29-åringen skuldig i drap slik aktor kravde, men for å ha påført ein anna person dødelege skader.

– Min klient er nøgd med rettens vurdering, at han blei domfelt for lekamsskading med dødeleg utgang og ikkje forsettleg drap, seier hans forsvarar Sol Elden til NRK.

Mannen har enno ikkje bestemt seg for om han vil anka dommen.

«Ikkje grunnlag for forsett»

I dommen heiter det at retten «etter en samlet vurdering funnet at det er rimelig tvil om hvorvidt voldens omfang og intensitet var så betydelige at tiltalte som edru ville ha innsett at NN mest sannsynlig ville dø av den. Retten har således kommet til at tiltalte ikke hadde drapsforsett på gjerningstidspunktet, og han kan derfor ikke dømmes for drap».

Førebels er det ikkje kjent om 29-åringen ankar dommen.

I tillegg til drapstiltalen, var mannen tiltalt for ei rekke med valdsepisodar både i Bergen og Høyanger. Desse episodane er han dømd for, og det inngår i forvaringsstraffa på åtte år og sju månadar.

Totalt må 29-åringen betala erstatningar på nær 900.000 kroner, både til stefarens familie og dei øvrige personane involvert i dei andre valdsepisodane.

Krimteknikar på veg inn blokk i Loddefjord

UNDERSØKINGAR: Krimteknikarar på veg inn i heisen i bustadblokka i Loddefjord. Ein månad etter var saka utvida til ei drapssak.

Foto: Jon Bolstad / NRK

Utsett for omfattande vald

Politiet rykka raskt ut til bustaden til 62-åringen 12. desember 2014, etter at hans sambuar melde frå om kva ho hadde funne då ho kom heim. Den same natta vart den no dømde 29-åringen arrestert i ein leilegheit i Os.

29-åringen vart først sikta for dødsvald, men etter at obduksjonsrapporten låg føre ein månad etterpå, valde politiet å utvide siktinga til å gjelde forsettleg drap.

62-åringen vart funne med store hovudskadar, og politiet meiner 29-åringen har slått stefaren fleire gonger, både med knytt neve og med ei krykke.

29-åringen får forvaringsdom, fordi retten meiner det er fare for gjentaking:

«Retten finner at tiltaltes voldshistorikk, og da i hovedsak de forhold han nå dømmes for, peker i retning av at det foreligger nærliggende fare for at han igjen kan begå alvorlige voldshandlinger», står det i dommen.

Hevdar det var naudverje

I retten svara den dømde nei på spørsmålet om straffskuld. Han fortalde om eit besøk hjå stefaren som etter kvart utvikla seg til ein diskusjon om det turbulente forholdet mellom 29-åringens mor og hans stefar.

– Han gav meg ein del stygge blikk, blikk som kunne drepe. Eg tenkte at det må ha klikka for han, forklara 29-åringen i retten førre månad.

Den lange diskusjonen utvikla seg til eit basketak, og 29-åringen meiner det var stefaren som angreip han med kniv først.

Sol Elden, forsvarer

Forsvarar Sol Elden i Bergen tingrett.

Foto: Jon Bolstad / NRK

23/9: Saken er oppdatert med ny erstatningssum. Domstolen har retta erstatningssummane i dommen, og gjorde NRK merksam på dette i dag.