Hopp til innhold

Nedrykkskandidatane håpar på Førde

Før siste serierunde er det knytt stor spaning til både topp og botn i den lokale toppdivisjonen i fotball.

Førde-Årdal

Førde nedsabla tabelltrear Årdal med 5-0 i førre runde.

Foto: Simon Solheim

Førde og Tornado Måløy har like mange poeng og kjempar om retten til å spele kvalifisering om opprykk. I botn knivar Florø og Vik for å unngå nedrykk saman med Kaupanger.

Florø håpar på Førde

Berre eitt poeng skil nedrykkskandidatane - og begge håpar at Førde tek sitt andre strake krinsmeisterskap. Dersom sunnfjordingane rykkjer opp, vil berre eitt lag rykkje ned i 4. divisjon.

- Førde er det sterkaste laget, og då håpar vi og trur at det er dei som vinn og får spele kvalifiseringskamp, seier FSK-trenar Rune Hovland.

- Mellom beste i landet

Trenar i Vik, Stig Roar Hovland, har tidlegare sagt at han har størst tru på Førde i ein eventuell kvalifiseringskamp .

- Ikkje noko stygt om Tornado, men Førde er det klart beste laget. Slik eg ser det, så må dei vere eitt av dei beste 3. divisjonslaga i landet, trur han.

Inga krise i Vågsøy

TMFK-kaptein Per Jarle Mathisen fortvilar ikkje av den grunn.

- Førde har vel litt meir rutine enn oss på det. Dei var jo i kvalifisering i fjor og mislukkast der. Dei har eit godt lag og er nok betre enn oss på papiret. Men får vi sjansen så skal vi ta den. Blir det ikkje opprykk på oss, så er det inga krise, seier han.

Må vinne

Florø har før siste runde "overtaket" på Vik med eitt poengs forsprang. Laurdag reiser kystlaget til allereie nedrykksklare Kaupanger. Sjølv med berre to sigrar på bortebane er bruntrøyene optimistar.

- Vi veit vi må inn til Kaupanger for å ta tre poeng. Vi har fullt fokus på det, seier trenar Hovland.

- Skal berre trykke på

Optimistar er dei også i Vik der dei tek imot Fjøra.

- Vi har alt å vinne. Slik eg ser det, så har Florø alt å tape. Vi skal berre trykke på og håpe at det går vegen, seier Vik-trenar Hovland.

TRUR DU SERIEMEISTEREN I SOGN OG FJORDANE RYKKJER OPP? KVEN TRUR DU RYKKJER NED? SEI DI MEINING UNDER: