Betalte over 4 mill – Nasjonalmuseet er den hemmelege kjøparen av rekord-måleri

Nasjonalmuseet har sikra seg det unike Hans Gude-måleriet «Fjordlandskap fra Balestrand». Dei betalte 4,1 millionar kroner for bildet, noko som er ny rekord.

"Fjordlandskap i Balestrand" av Hans Fredrik Gude.

NY REKORD: Dette måleriet av Hans Gude syner fjellparti og landskap i Balestrand i Sogn. No får alle sjå måleriet på Nasjonalmuseet.

Foto: Blomqvist auksjonshus

– Vi er utruleg glade for å få kjøpt dette måleriet, seier direktør ved Nasjonalmuseet, Karin Hindsbo.

Måleriet vil bli synt fram når det nye Nasjonalmuseet opnar i 2022.

Då bodrunda for landskapsmåleriet «Fjordlandskap fra Balestrand» av Hans Fredrik Gude heldt på i åtte minutt, kjende auksjonarius Elisabeth Vik Forsberg på spenninga.

– Vi fekk inn førti bod frå åtte aktørar, og endte opp med ein rekordsum for eit Gude-måleri.

Kunstverket vart selt ved auksjonshuset Blomqvist for 4,1 millionar kroner, to og ein halv million over den øvste prisvurderinga.

No stadfestar Nasjonalmuseet i Oslo at dei er den hemmelege kjøparen av måleriet.

Balestrand og Esefjelli i 2020.

SLIK ER DET I DAG: Balestrand med Esefjorden og Esefjelli. Dette landskapet var inspirasjonen for Hans Gude.

Foto: Elise Kvien / NRK

Ein skjult skatt

Verket vart måla i 1848, same år som Gude samarbeida på sitt mest kjende måleri, «Brudeferd i Hardanger».

Sidan då har kunstverket vore i privat eige. Først hjå ein tysk kunstsamlar etter at Gude først stilte det ut i Düsseldorf.

Så vart det selt av Blomqvist til ein Oslo-familie på 30-talet, og har sannsynlegvis ikkje vore sett offentleg sidan då, før same familie valde å selje det vidare.

Trass i å ikkje ha vore ein registrert del av katalogen til Gude, skil det seg spesielt ut med kor godt bevara det er.

– Måleriet er i heilt unik tilstand, seier Frode Ernst Haverkamp, som vurderte kunstverket for auksjonshuset.

– Det har aldri skjedd noko gale med måleriet, ingen hol, inga dublering der måleriet har blitt festa til eit stivere underlag og øydelagt strukturen, det er rett og slett i veldig god stand.

Motiv frå Sogn

Måleriet sitt motiv er henta frå Balestrand i Sogn, ein stad Gude var spesielt interessert i, og som han også valde i utsmykkinga si av Oscarshall som han arbeidde på året etter.

Ein kan sjå likskapen til landskapet i Balestrand i måleriet, sjølv om Haverkamp påpeiker at han tok seg kunstneriske fridomer med landskapa sine.

– Gude skriv i brev at mange av komposisjonene hans ikkje er nøyaktige attgivingar av ein spesiell stad. Han reiste rundt og tok skisser med olje og blyant av landskap som han stilte saman til store motiv om vinteren i atelieret sitt, seier Haverkamp.