Hopp til innhold

Då Finn Tokvam skreiv på bokmål, var det ingen som trudde det var han

Då Finn Tokvam skreiv ein tekst på bokmål, skjøna ingen at det var han som var forfattaren.

Finn Tokvam og Halvor Folgerø

FAST TOSPANN: Finn Tokvam (t.v.) og Halvor Folgerø har mellom anna skrive roman saman.

Foto: Kristian Ervik / NRK

– Folk skjøna ikkje at det var eg som hadde skrive! Eg var rett og slett ikkje til å kjenne att, korkje for meg sjølv eller andre, seier Finn Tokvam frå Flåm.

Den kjende forfattaren, kåsøren og programleiaren gjorde ein test for å finne ut kor tette banda er mellom språk og identitet. Han tok sin eigen kronikk om sidemål og sette han om til sitt sidemål, bokmål. Så bad han venner om å lese.

Ingen kjende att mannen bak teksten.

Kan fargeleggje på nynorsk

Finn Tokvam

BLIR UGJENKJENNELEG PÅ BOKMÅL: Finn Tokvam, kjend frå P.I.L.S. og Radio Røynda.

Foto: Ann-Christin Ottosson

Tokvam tek det som eit prov på kor avhengig han er av nynorsken for å kunne uttrykkje seg.

– Eg er nynorsk! Nynorsk ligg nærast meg og min dialekt, og gjer det mogleg for meg å fargeleggje språket mitt og uttrykkje meg slik eg vil, seier Tokvam.

Nynorskdebatten har vore mangslungen så langt dette året. Utdanningsdirektoratet sitt framlegg om mindre sidemål i skulen møtte kraftig motbør.

– Nynorsk er bruksspråk for mange

Nyleg sa Vidar Kvalshaug, journalist i Aftenposten, at han trur nynorsken vil bli eit språk for ein entusiastisk elite viss han mister fotfeste i skulen.

Tokvam trur ikkje målforma hans vil bli eit elitespråk.

– Det verste eg veit er når folk seier at nynorsk berre høver til dikt. Nynorsk er for meg og mange andre eit bruksspråk. På Vestlandet ligg dialektane så nære nynorsk at bokmål ville kjennast heilt unaturleg for dei fleste, meiner Tokvam.

Nynorsk i blodet

Marita Liabø

HAR NYNORSKEN I BLODET: Forfattar Marita Liabø frå Førde.

Foto: Gyldendal

Forfattar og omsetjar Marita Liabø er einig. Nynorsken er ikkje berre i bruk av skribentar og forfattarar, minner ho om.

– Vi må ikkje gløyme alle dei som bruker nynorsk i det daglege utan å kome fram i media. Det gjeld svært mange. Vestlendingane har nynorsk i blodet, seier Liabø.

Når mange med eige språk

– Å lykkast som nynorskbrukar ved å nå folk handlar vel om å få nytte det språket ein treng for å uttrykkje seg. Eg skriv godt når eg skriv nynorsk, trur Tokvam.

Nyheitsanker og nynorskbrukar Morten Sandøy i TV2 Nyhetskanalen fekk i fjor kringkastingsprisen av Kringkastingsringen, for det gode språket sitt.

– Den ville eg ikkje ha fått om eg måtte bruke bokmål. Elles kan eg telje på éi hand dei negative tilbakemeldingane eg har fått, seier Sandøy.

Dugleik kjem foran målform

Morten Sandøy får kringkastingsprisen 2011

FÅR MYKJE POSITIV RESPONS: Morten Sandøy fekk kringkastingsprisen for godt språk.

Foto: TV2

Førdianaren meiner at nyheitsbransjen har eit godt klima for nynorsk.

– Mange journalistar bruker nynorsk, men målform er sjeldan noko tema. Det viktige er at ein er dyktig som journalist, og ein del av det er å bruke eit godt språk. Det må ein gjere gjennom målforma som ligg nærast ein sjølv, trur Sandøy.

Nynorskblogg for alle

Mariell Øyre frå Årdal har alltid skrive nynorsk på bloggen sin Hjartesmil, og har med 120.000 lesarar i månaden den mest populære bloggen på si målform.

Øyre er medviten om at bloggen kan fungere som ein kvardagskamp for skriftspråket hennar, men trur ikkje lesarane kjem fordi ho skriv nynorsk.

– Ein blir lagt merke til når ein gjer noko bra. Mange lesarar fortel at dei har fått sitt første positive møte med nynorsk gjennom meg. Det er fordi det eg gjer er interessant for dei, uavhengig av språk, seier Øyre.

Digital og sosial nynorsk

(Artikkelen held fram under biletet.)

Mariell Øyre

NÅR MANGE MED BLOGG PÅ NYNORSK: Mariell Øyre frå Årdal.

Foto: Privat

Ho let seg provosere av forbodet mot nynorsk i riksaviser, men trur framtida uansett finst i den stadig meir sosiale digitale verda.

– På Twitter, Facebook og bloggar kan ein uttrykkje seg utan atterhald, og skape sine eigne arenaer utan å tenkje på salstal og reklamefinansiering, seier Øyre.

Lyktest på nettet

For henne har nettet vore ein stad å bli lagt merke til og lykkast som nynorskbrukar. I fjor haust fekk ho kontrakt med Samlaget om å skrive ein roman i lag med sambuaren. Ho håpar å inspirere lesarar til å uttrykkje seg på sitt eige språk.

– Vi som skriv nynorsk skal vere stolte av det, og vere oss sjølve uansett kvar me fêr eller kva vi driv med, seier Øyre.