I natt vart det foreteke kontroll av to fiskebåtar i Nordfjord. Ein i Måløy og ein i Selje. På begge båtane vart det gjort funn. Politiet har hatt tilgang til narkohund, og har difor nytta høvet til å ha kontrollar.
Hasj og amfetamin
På fiskebåtane i Nordfjord, vat det funne hasj, amfetamin og marijuana.
Beslaga vart i hovudsak gjorde på lugarar, men nokre hadde også stoffet på seg.
Ransakinga vart gjennomført av tollvesenet i samarbeid med politiet.
– Slike kontrollar vert gjort i samarbeid. Vi kontaktar kaptein på båten, deretter føretek vi søk på lugarar, mannskap og resten av fartyet. Det seier kontrosjef på tollvesenet i Måløy, Kari Tyting.
LES OGSÅ: Fann narkotika ombord på båt
Ikkje første gongen
– Det er svært uroande at sjømenn vert tekne med narkotika, det seier lensmann Bård Didriksen i Selje.
Politiet har gjort liknande funn før. Sidan 2007 har Tollvesenet i Måløy funne narkotika på til saman 8 farty.
– På fiskebåten i Selje er det fire vaksne menn som kan vente seg reaksjonar etter kontrollen i går, seier Didriksen
Det aktuelle mannskapet er no overletne til politiet, og det vert oppretta straffesak for besittelse og kanskje også bruk.
Lensmannen vedgår at han er uroa over utviklinga
Uønskte i bransjen
– Fiskarar som nyttar narkotika er uønskte i bransjen, det seier Webjørn Barstad i Fiskebåtredernes Forbund.
Barstad seier vidare at dei ikkje har noko inntrykk av at fiskerinæringa skil seg ut i forhold til narkotikamisbruk.
Forbundet operererer med nulltoleranse på narkotikamisbruk på jobb. Det vil seie at dersom det vert oppdaga misbruk ombord på ein båt, eller om nokon møter til tur i rusa tilstand, vert dei avskjediga umiddelbart.
– vi vil simpelthen ikkje ha arbeidsfolk som er i befatning med narkotika på våre båtar. Dette er ein arbeidsplass som er såpass risikabel i seg sjølv, ein må vera årvåken og skjerpa på jobb. Difor kan vi ikkje ha noko med denslags å gjere, seier Barstad.
,