Hopp til innhold

Mann pågripen på båt i Måløy

Politiet måtte assistere Tollvesenet under kontroll.

Det var like før midnatt tysdag at operasjonssentralen i Florø vart kontakta av Tollvesenet.

Fann narkotika på båten

- Tollvesenet var ombord i ein båt som låg ved kai i Måløyområdet då dei kontakta oss, seier operasjonsleiar Leif Bell ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

Ransakinga Tollvesenet gjorde av båten hadde ført til funn av ein del narkotiske stoff hos ein av mannskapet om bord.

- Politiet vart difor kontakta for å bistå dei med å sjå nærare på saka, forklarar Bell.

Slapp unna med førelegg

Mannen frå mannskapet som vart tatt med det narkotiske stoffet vart tatt med til lensmannskontoret i Måløy, der han vart avhøyrd i saka.

- Til slutt vedtok han eit førelegg for brotsverka, og saka er såleis avslutta, seier Bell.

Mannen fekk etter avhøyr reise attende på båten.

Politiet i Sogn og Fjordane kjenner ikkje til foranledninga til at Tollvesenet hadde kontroll på den spesifikke båten.