Illustrasjonsfoto
Hundane avslører fleire hundre smuglarar årleg.
30 gode hundar
Har du vore ein tur i utlandet er det gjerne ein hund med ekstremt god luktesans du møter når du passerer tollarane eller ventar på bagasjen din - i hamner og på flyplassar. Slik har det vore sidan 2001.
- Tollvesenet har 30 narkohundar - og dei virkar. Det seier underdirektør i Toll- og avgiftsdirektoratet, Ketil Ottersen.
- Narkotikahundane våre er involvert i veldig mange av sakene våre, seier Ottersen. Det fintfølande lukteorganet til hundane er med å avsløra mellom 300 og 450 forsøk på narkotikasmugling årleg.
Storfangst i Bergen
- 80 prosent av alle beslaga kjem etter at ein hund har gjort jobben sin, fortel Øyvind Hafsø som er avdelingssjef i Tollregion Vestnorge. Berre i bergensområdet har hundane avslørt 56 smuglingsforsøk så langt i år.
- At fleire blir tatt kan bety at fleire smuglar narkotika, seier Hafsø.
- Men me er også rimeleg sikre på at hundane blir bedre og at tollvesenet blir bedre på å bruke det verktøyet - som hundane er.