Hopp til innhold

Når politiet ikkje lenger vil leite

Politiet har avgrensa med midlar til å søke etter ein person som er sakna og truleg omkomen. For familien er det hjarteskjerande at politiet sluttar å leite lenge før dei sjølv har gitt opp håpet.

Video Søk etter savnede

MISTA DOTTERA: Ingegerd Moene mista dottera Charlotte da jenta berre var 17 år.

– Du forstår, men du greier ikkje akseptere det. Eg kjente på kroppen kvar dag som gjekk at eg hadde ein forferdeleg smerte og ei veldig stor uro inni meg. Uroleg dag og natt, fortel Ingegerd Moene.

Charlotte Moene (17)

DØD: Charlotte Moene vart berre 17 år.

Foto: Privat

Dottera, Charlotte Moene, var berre 17 år då ho forsvann i Øvre Årdal i 2007. Ein storstilt leiteaksjon vart sett i gong, etter jenta som var sist sett medan ho gjekk mot ein foss ved Årdalsvatnet.

LES OGSÅ: Sørger over pappa ved ei våt grav

Fann spor

Etter fire dagar fann dei fleire av hennar klesplagg i fossen. Politiet søkte gjennom fossen og i Årdalsvatnet, men fann henne ikkje. Pengane til søk var brukt opp, og politiet kunne ikkje leie inn utstyr lenger. Dei trakk seg ut av søket.

– Det føltes veldig urettferdig og eg kunne ikkje akseptere at dersom ungen din var der ute, skulle ein ikkje søka. Vi måtte berre finne hoe, seier Moene.

Søk etter truleg omkomne

I 2011 var det søkt etter 59 antatt omkomne personar i Noreg. 20 av desse er ikkje funne. Kostnadane for leitinga var på over ti millionar kroner.

Søk Etter Antatt Omkomne (SEAO) er eit fond for søk etter sakna personar ein ikkje lenger har håp om å finne i live.

SEAO gjev 300 000 kroner til eitt søk. Søk i vatn med undervasssrobot kostar mellom 60 000 og 90 000 kroner per døgn.

LES OGSÅ: Opprettar fond for søk etter Ørjan (27)

Avslutta i Odda

I Odda datt ein tenåringsgut ut av båten i hamnebassenget, natt til syttande mai. Politiet søkte med undervannsrobot i tre døgn. Så avslutta dei søket.

– Vi har søkt i området som er aktuelt, både med overflatesøk og med undervasssrobot. Vi har ikkje meir område det er aktuelt å søke i, seier lensmann i Hardanger, Øyvind Rosseland.

Kor mykje pengar fekk de til søket?

Den vanlege summen på 300 000 kroner. Dersom vi treng meir til å gjennomføre søket vi har planlagt, får vi som regel utvida det. Men vi kan ikkje søkje same staden meir enn ein gong utan nye spor. Elles ville vi søkt i det uendelege, forklarar Rosseland.

Lensmann Øyvind Rosseland

- KAN IKKJE SØKJE UTAN SPOR: Lensmann Øyvind Rosseland seier søk etter ein tenåringsgut i Odda blei avslutta etter tre døgn.

Foto: Kjartan Lægreid / NRK

– Vi må finne han

Mor til den sakna 19-åringen i Odda, Olaug Bleie Ramsdal, seier til NRK at ho ikkje har slutta å leite.

– Vi skulle gjerne ønske at dei kunne leite over heile fjorden om så var, men eg forstår at dei ikkje kan leite i det uendelege. I hovudet forstår eg det, men det er framleis vanskeleg å ta inn, seier mor til 19-åringen.

Ho ber om hjelp frå bygdefolket i Odda og kring Hardangerfjorden, om å finne guten hennar.

– Det er veldig viktig å finne han. Om dei så berre kan gå langs strandlina og sjå, eller om dei har ein båt dei kan ta ut. Alle monner drar, seier Bleie Ramsdal.

50 sakna kvart år

I fjor forsvann 59 personar som truleg var omkomne. Dei fleste forsvinn på sjøen, eller i større ulukker. Av desse er 20 framleis sakna.

Kvart år forsvinn mellom 40 og 50 personar, ein tredel blir aldri funne. Berre dei siste fem åra har 85 personar blitt sporlaust vekke.

SEAO har brukt 44,9 millioner kroner på søk desse fem åra.

Fann ho til slutt

Ingegerd Moene hadde ein fast plass ho brukte å sitje på då søket etter dottera føregjekk. Frå plassen ved Årdalsvatnet kan ho i dag peike ut til staden dei fann henne.

150 meter ut frå nabogarasjen, på 50 meters djupne. Der låg Charlotte i seks månader.

– Det var ikkje før dei fann ho at eg følte ho var død. Då mista vi dottera vår. Seks månader etter at ho forsvann, seier Moene.

Søk etter savnet gutt i Odda

TRULEG DØD: 19-åringen i Odda falt overbord frå ein båt natt til 17. mai.

Foto: Kjartan Lægreid / NRK

Ein million kroner

For etter politiet trekte seg ut av søket, starta familien og Bjørn Moens minnesfond ei kronerulling. Over ein million kroner kosta det, men for Moene var det verd det.

– Eg kan ikkje seie kvar grensa skal gå for kor mykje ein skal bruke. Eg er enormt takksam til lokalsamfunnet, både på grunn av hjelpa vi fekk til det daglege, og på grunn av støtta og pengegavane til søket, seier Moene.

– Alle ville det same, alle ville finne ho. Det var veldig viktig for meg og familien.

Lyset på grava

I dag har ho ei grav å gå til. Der står eit lys og brenn, kvar dag.

– Så lenge vi ikkje visste kvar ho var eller heilt sikkert kva som hadde hendt, kunne vi ikkje få fred, fortel Moene.

Charlotte skulle ha feira 22 år den 20. mai i år. Familien feira dagen ved grava hennar.

– Du trur aldri du skal ønske deg ei grav, men når det ikkje lenger fins ein lykkeleg slutt, er det å få ei grav det aller viktigaste. Det betyr veldig mykje for å gå vidare i livet.