Hopp til innhold

Nærmar seg eitt år som koronafaste - no blir det juleferie på skulen

FJALER (NRK): Fleire titals internasjonale elevar har sete fast i ei lita vestlandsbygd sidan koronautbrotet i februar. No førebur dei seg på ei jul utanom det vanlege.

Koronafaste på skulen

POSITIVE: Ben Buyck (til venstre) og Artem Agvanian ser lyst på jula sjølv om dei ikkje får reise til heimlanda sine.

Foto: Oddmund Haugen / NRK

Ungdommar frå heile verda kjem til Flekke i Sunnfjord for å ta vidaregåande utdanning på Røde Kors United World College.

Elevane utgjer ein stor del av den vesle bygda, som elles har kring 200 innbyggjarar.

I år har skuleåret i Noreg vore lengre enn planlagt. 50 av dei internasjonale elevane har nemleg vore koronafaste på skulen i lang tid.

– Eg spør om ho saknar meg og ho svarer at ho saknar meg mykje, seier Tum Toek.

Ho er elev ved skulen i Fjaler, og får ikkje reise heim til Kambodsja denne jula. I år må ho treffe familie og venner gjennom telefonen.

– Eg hadde forventa å reise heim i alle feriane for å treffe familien, men slik blei det ikkje, seier ho.

Koronafaste på skulen

DIGITAL: Tum Toek frå Kambodsja må treffe familien digitalt denne jula.

Foto: Linn Haug Eide

1,5 år i Noreg

Tom er ikkje aleine. Koronareglar og kansellerte flyavgangar fører no til at om lag 50 elevar frå heile verda må bruke jula i Noreg.

– Familien saknar meg veldig mykje, og eg saknar familien min, seier elev Artem Agvanian.

Han er likevel klar på at den enklaste og tryggaste løysinga er å bli i Noreg.

– Men dei veit at det er nødvendig å gjere det slik. Det er vanskeleg både å reise til Ukraina og å kome tilbake til Noreg no, seier han.

Vanlegvis står skulen tom i feriane, men i sommar var den open for elevar som heller ikkje då kom seg heim.

For nokre nærmar det seg eitt år sidan dei såg familien sin. No kan det gå mot sommar før dei får reise tilbake til heimlanda og treffe sine nære og kjære. Dersom elevane heller ikkje får reise heim i påskeferien, har nokre av dei vore koronafaste i Flekke i eitt og eit halvt år.

UWC, Flekke i Fjaler

- LANGT VEKKE: – Vi er langt frå byar, butikkar og sivilisasjon. Men det kan vere ein god ting, for vi er ganske trygge her når det gjeld koronaviruset, seier Ben Buyck.

Foto: Linn Haug Eide

Lærarar ofrar ferien

Også dei tilsette stiller opp når det no blir julefeiring på skulen.

– Mange av lærarane hadde sett fram til ferie, men no er det ein del som stiller opp frivillig mot overtid. Vi kryssar fingrane for at det blir snø, for då blir det mykje kjekkare, seier Arne Osland, utviklingsdirektør ved United World College.

Arne Osland

STILLER OPP: Utviklingsdirektør ved United World College, Arne Osland, fortel at lærarar ved skulen no gjer sitt for at elevane skal få ei fin feiring.

Foto: Linn Haug Eide

Trass i at elevane aller helst vil feire bruke ferien i heimlanda, ser dei ikkje mørkt på å heller vere i Fjaler. Elevane har etter kvart blitt godt vande med bygdelivet.

– Vi er langt frå byar, butikkar og sivilisasjon. Men det kan vere ein god ting, for vi er ganske trygge her når det gjeld koronaviruset, seier Ben Buyck som også er elev ved skulen.

– Eg trur vi kan gjere det veldig kjekt her, og arrangere ulike aktivitetar. Det kan bli veldig morosamt og givande, seier Artem.