Hopp til innhold

Står bom fast

For Anne Listou frå Skjolden har turen til og frå Førde blitt langt lengre enn rekna med i kveld.

Ras i Kjøsnesfjorden

Raset i Kjøsnesfjorden har ført til store problem på vegane i kveld

Foto: NRK-tipsar

- Først køyrte eg til Kjøsnesfjorden, men så vart vegen der stengt. Deretter la eg i veg for å køyre via Høyanger. No har eg nettopp møtt på eit ras i Lånefjorden, så no er også vegen her stengt.

Ras i lånefjorden

Bilete frå Lånefjorden

Foto: Bengt Arne Mosesen

Lang tur

- Eg reiste til Førde frå Luster i dag tidleg for å vere med på eit kurs. Men heimturen har blitt svært så lang. Det voldsomme regnværet og snøsmelting har ført til at dei fleire av dei viktigaste vegane i fylket er stengde.

Berre rot

Listou fortel om fleire bilar som no står i tunnelen før Lånefjorden. Mange av dei har hatt same lange turen som ho sjølv.

På ferja mellom Hella og Dragsvik skal og kaoset vere fullkome, med lange køar av bilar som har valt å køyre via Høyanger når Kjøsnesfjorden er stengt.

Nils Magne Slinde i Vegvesenet opplyser at dei vurderer nattferje, men med ras i Lånefjorden så spørs det om det er nokon vits.

Står i uvissa

Listou veit ikkje heilt kva ho skal gjere.

- Eg hadde jo ikkje akkurat tenkt å bli ståande fast. Eg vil jo heim, men no står eg jo her. Så langt har vi ikkje sett noko til Vegvesenet. Kanskje må det bli overnatting heimafrå.

Ekkelt

- Det er skikkeleg ekkelt å vere ute og køyre no. Svart asfalt og store nedbørsmengder. I tillegg går det jo ras. Så sjølv om vegen opnar så er det jo lite kjekt å vere ute i det dårlege veret.

Ein har jo det i bakhovudet. Men ein kan jo ikkje tenke slik heile tida, då blir ein tullete seier Listou som la seg inn på hotell i Høyanger i natt.

Strynefjellet er stengt i Nordfjord, vegen langs Sognefjorden er stengt på grunn av ras i Lånefjorden, og Kjøsnesfjorden er stengt.