Hopp til innhold

Naboar kranglar meir enn før. For Tim enda det med politisak

Under koronaåret auka talet nabokranglar med nær 50 prosent. Tim Aase enda opp med å politimelde naboen sin.

Tim Aase og naboen har i fleire år vore i ulike diskusjonar. No er det eit grensemerke som skaper frustrasjon.

SKUFFA: Tim Aase politimelde naboen, men ingenting skjedde. – Når det skjer ei straffbar handling skal politiet sjå til at rettstryggleiken til innbyggjarane blir haldne.

Foto: Astrid S. Korsvoll / NRK

– Eg skulle gjerne hatt det slik at eg og naboen kunne tatt ein kaffi i lag, men slik er det dessverre ikkje, seier Tim Aase heime frå stova si i Førde i Sunnfjord kommune.

Gjennom fleire år har han og naboen hatt fleire konfliktar. No er det eit grensemerke som skapar frustrasjon.

Dobling i kranglar i 2020

Men det er mange av oss som har eit anstrengt forhold til naboen. Ein av tre nordmenn har vore i krangel éin eller fleire gonger med grannen sin, syner ei undersøking Gjensidige gjorde i 2018. 13 prosent av dei brukte advokat for å løyse konflikten.

I koronaåret 2020 auka talet på kranglar med nær 50 prosent, ifølge forsikringsselskapet.

I fjor enda 473 nabokrangelsaker i Forliksrådet. Så langt i år er talet oppe i 498. Ser ein på region Vest, har det vore ei dobling i talet frå 2020 til 2021, frå 36 til 75 nabokrangelsaker.

Fleire slike konfliktar hamnar på bordet hos Ingrid Marie Navarsether, advokat i Codex Advokat Oslo AS. Navarsether trur årsaka til auken i kranglar kan vere at vi har meir pengar å bruke, samt at vi er meir bevisste på rettane våre.

Dei vanlegaste konfliktane er grenser, hekkar, tre, samt tilkomstrett og vegrett.

Ulovleg å tukle med grensemerke

Det er to år sidan Tim Aase oppdaga at grensemerket mellom han og naboen ikkje stod der det skulle. Det blei rive opp då naboen gjorde gravearbeid.

Aase vil ha merket på plass att, men det er eitt problem: Naboen er ikkje interessert i rekninga på nær 10.000 kroner som følger med ei slik ny oppmåling.

Det er heller ikkje Tim Aase.

Dette grensemerket synte grensa mellom naboane før, men etter gravearbeid på tomta stod det ikkje lenger der det skulle.

VIL IKKJE BETALE DOBBELT: Tim Aase betalte for å få opp grensemerke mellom han og naboen for fleire år sidan. Etter at det blei rive opp, er han ikkje villig til å betale for merket endå ein gong.

Foto: Tim Aase

Å fjerne, flytte eller øydelegge grensemerke, er ulovleg og kan bli straffa med bot eller fengsel på inntil eitt år.

Politiet la vekk saka

Aase enda opp med å politimelde naboen. Men politiet «fann ikkje rimeleg grunn til å starte etterforsking i saka» og meinte alvorsgrada var «beskjeden »

Tim Aase klaga på avgjerda, men kom ingen veg då heller.

– Og kva gjer ein då? Då blir du jo rettslaus. Når eg les paragrafar om at det er ganske alvorleg å fjerne grensemerke, men så får du beskjed om at det ikkje er det likevel av politiet ... ja, då mister ein litt respekten.

Nabo Mindor Sunde synest konflikten er lei. Han seier han blei sjokkert då han blei politimeld. Han seier det var umogleg å unngå at merket blei rive opp under rivingsarbeid han var pålagt å gjere. Dette arbeidet skjedde i samband med ein tidlegare konflikt med dei to.

Gravearbeid på tomta på Ulltang

KONFLIKT: Dei to naboane har hatt fleire konfliktar, mellom anna etter at Mindor Sunde bygde garasjen sin for langt over tomta til Tim Aase.

Foto: Tim Aase

– Aase seier du ikkje vil bestille nytt merke og ta kostnaden. Stemmer det?

– Det stemmer. Eg meiner det ikkje er grunn til det, seier Sunde.

Psykolog: Difor kranglar vi med naboen

– Vi kranglar med naboen fordi han er der, seier psykolog Oddvar Skjæveland som har forska på nabokranglar.

Oddvar Skjæveland, psykolog i Mellomrom arkitekturpsykologi

ENDRING: Vi kranglar meir med naboen vår enn nokon gong før. I eldre tider kjente vi ikkje berre naboen vår godt, men også heile slekta til vedkommande, fortel psykolog Oddvar Skjæveland. Det var også mindre utskiftingar i nabolaga. I dag er det annleis og ulikheitane blir dermed meir tydelege, fortel psykologen.

Foto: Synne Lykkebø Hafsaas / NRK

Sjølv om vi bur fysisk nær andre, betyr det ikkje det nødvendigvis at vi føler oss nære, legg Skjæveland til.

– I tillegg legg nordmenn mykje pengar ned i eigedomane sine, så det er ofte store verdiar som står på spel for folk.

Politisjef: – Streng prioritering

– Sjølv om ei sak er straffbar, så er det ikkje nødvendigvis slik at politi er den beste løysninga, seier politisjef i Sogn og Fjordane, Arne Johannessen.

Han seier jordskifteretten eller konfliktrådet ofte kan vere eit betre alternativ.

– Men kva skal ein gjere når det har skjedd noko straffbart og ein ikkje når fram?

– Vi har ei ganske streng prioritering på dei alvorlege sakene våre, og i nokre tilfelle må vi nedprioritere andre saker, seier Johannessen, og legg til at han forstår at det kan vere frustrerande for folk.

Politiet får årleg mange telefonar frå naboar som er i strid med kvarandre.

– Ein god del energi går med til nabokranglar, seier politisjef Arne Johannessen.

Han seier han nokre gonger undrar seg litt over sakene det blir krangla om, medan han andre gonger har stor forståing.

Tim Aase er frustrert over at politiet ikkje gjer noko med nabokrangelsaka hans.

FRUSTRERT: Tim Aase meiner han ikkje kunne gjort noko annleis i saka. – Om nokon øydelegg noko, er det vanleg å ordne opp i det, seier Aase, som er frustrert over at han ikkje når fram med saka si nokon plass.

Foto: Astrid S. Korsvoll / NRK

Tim Aase på si side undrar seg over at lovbrot ikkje får konsekvensar.

Han skal bygge ein mur ved grensa til naboen og meiner det ikkje er nok å ha digitale grensemerke å rette seg etter.

– Nei, ikkje med ein slik nabo. Om muren berre kjem fem cm feil, så veit eg at eg får trøbbel, og det ønskjer eg ikkje.