– Planen er at vi kjem til å vere mange tusen menneske samla. Det har aldri vore så mange samla i Øygarden. Det blir skikkeleg liv, seier kulturleiar i kommunen, Christel Møvik-Olsen.
Sjølv om Bergen står som arrangør av sykkel-VM, er fleire av naboane med på det svære arrangementet.
Askøy, Fjell og Øygarden har alle trasear innanfor eigne kommunegrenser når arrangementet går av stabelen 16.–24. september. Og det kostar.
Til saman brukar dei over 11 millionar kroner på å bidra.
- Les òg:
– Ei investering for framtida
– Øygarden har sponsa sykkel-VM med 3,5 millionar, og i tillegg har vi 800.000 kroner i budsjettet i år som blir brukt på sykkel-VM i eigen kommune, seier Møvik-Olsen.
Berre for å få arrangere starten på landevegsrittet for menn og juniorrittet, har Øygarden kommune lagt to millionar kroner ekstra på bordet.
Øygarden-ordførar Børge Haugetun meiner dei vil få igjen for millioninvesteringa.
– Når ein først har eit arrangement som dette i området må vi sørge for at innbyggarane får ta del i det. Vi må vere med å skape folkefest, og då skulle det berre mangle at vi set av ressursar, seier Haugetun.
Blant innbyggjarane er det delte meiningar om sykkelstorsatsinga. Dei NRK møtte på Rong senter synest mellom anna at pengane burde brukast på andre ting.
– Dei burde heller gå til folk i kommunen som treng det, i staden for dette sykkel-tullet.
– For mykje pengar
Aud Karin Oen (SV) var einsleg motstandar i kommunestyret då Øygarden vedtok løyvingane til VM.
– Vi brukar for mykje pengar på dette. Viss ein ser på kva som blir brukt per innbyggjar samanlikna med Bergen kommune, syns eg dette mildt sagt er ekstravagant.
- Les òg:
– Eg ser føre meg at arrangementet kan verte kjekt. Men samtidig er vi inne i ein periode i kommunen der vi får beskjed om å spare både i barnehage og skule, seier Oen.
Øygarden-ordføraren trur likevel kommunen vil få igjen for investeringane. No lagar kommunane i havgapet ein promoteringsfilm som skal brukast til å lokka reisande til skjergarden i ettertida.
– Vi jobbar for å skape ringverknader òg utover sykkel-VM, seier Haugetun.
Les fleire saker om sykkel-VM i Bergen: