Hopp til innhold

Rotteplagen i Bergen: Folk tømmer hunde- og fuglefôr i gatene om nettene

Den siste tida har det vore ein stor auke i rotter i bykjernen i Bergen. Årsaka er masse tilgjengeleg mat, seier Bymiljøetaten og rottejeger.

– På småbruket mitt plasserte eg ut små haugar med kraftfôr, og sette meg oppe på ei fjellhylle. Då kunne eg skyte dei med kaliber 22. Det var veldig effektivt, men eg kan nesten ikkje gjere det nede i Marken. Det tar eg ikkje sjansen på.

Det seier Birte Nydal, sjølverklært «fangstdame» og jeger.

Ho bur i Marken, midt i Bergen sentrum. Der har ho starta ein kamp mot rotter, som for alvor har inntatt sentrum av byen.

Om kveldane myldrar det av dei små gnagarane i buskar og bosspann.

Det byrja med at servostyringa og lyktene ikkje verka på bilane til henne og mannen. Då oppdaga dei rottebol i bilmotoren.

– Rottene hadde dratt mykje hundemat inn i bilen og lagt frå seg mykje skit, og gnege på alle leidningane, forklarar ho.

Birte jakter mink

JEGER: Birte Nydal er jeger og «fangstdame». Her fotografert då ho jakta andre kryp enn rotter.

Foto: Privat

Tok rottematar på fersken

No krev kommunen tiltak, og byråden vil ha ei eiga «rotteforskrift» med forbod mot å mata ville fuglar og dyr i byen.

Nydal fortel at det går ei kvinne rundt i området og legg store haugar med hundepellets fleire stader kanskje kvar natt.

Éi natt heldt mannen til Nydal vakt.

– Han tok henne på fersken og sa ho måtte slutta med dette.

Etter det trur Nydal at det ikkje har blitt lagt hundefôr utanfor huset deira.

– Men ho legg ut maten mange andre stader i området.

To rotter i fella

I FELLA: Her har to rotter gått i fella til Birte Nydal. No vil ho ha forbod mot å mate rotter og fuglar.

Foto: Birte Nydal

Førre torsdag såg ho kvinna igjen.

– Eg var sint og tok frå henne maten. Då vart ho lei seg, for ho hadde tenkt å mata endene i Lille Lungegårdsvann. Det var jo ei skjønn dame, med ein svær pose hundemat i handa. Me prøvde å snakka henne til fornuft.

Nydal spurde kvinna kvifor ho tømmer mengder med hundefôr rundt på fortau og gater.

– Ho sa at ho gjer dette for å mata fuglane, og at dei er ti personar: fem norske og fem utanlandske. Ho hevda dei kjøpte maten for seksti kroner hos Dyrebeskyttelsen. Og dei går og legg ut maten om natta for å unngå å treffa folk.

No meiner ho at det bør bli forbode å mate fuglar og andre dyr i byen.

– Kommunen har byrja med ekstra kosting to gonger i døgnet, men med alle desse kiloa med hundemat, er det ein tapt kamp før det blir forbode, meiner Birte Nydal.

Hundefôr tømt ut på gata i Bergen

Ny hundepellets ligg kvar morgon strøydd på busshaldeplassen ved Stadsporten, ifølge Birte Nydal.

Foto: Birte Nydal

Forsyner seg av mat til fuglane

Det er litt rotter i alle byar, men i det siste har det auka meir enn vanleg, ifølgje leiar for utedrift i Bymiljøetaten, Trude Jordal.

Grunnen? Meir mat.

– Det er ein ekstremt stor mattilgang til rottene no. Det er store haugar med mat som blir lagt ut til fuglane, som rottene nyt godt av, seier Jordal.

Ho oppfordrar folk til å mata fuglane med måte, sjå at fuglane et det opp, og å ikkje slenga bos på bakken.

Leiar for utedrift i Bymiljøetaten, Trude Jordal. 

Leiar for utedrift i Bymiljøetaten, Trude Jordal, seier vanlege tiltak ikkje er nok for å få bukt på rotteproblemet.

Foto: Gerd Johanne Braadland / NRK

– Kast avfall i boset!

Jordal seier kommunen har avtalar med skadedyrsfirma med giftfrie feller som blir auka ved behov, men at det ikkje er nok.

– Med den mattilgangen dei har no, så må det neste ein felles dugnad til, seier Jordal.

Det er mykje rotter i Bergen sentrum. For mange, vil fleire påstå.

For å ta ei rotte, må ein tenke som ei rotte

Frode Mjelde Thuland er konsulent i Anticimex, og har tatt rotta på fleire gnagarar opp gjennom.

Han meiner pandemien er éi årsak til at det har blitt fleire rotter i byen, og at den auka tilgangen på mat skuldast at det er fleire i bybildet no enn før.

For å fanga ei rotte, må ein tenka som ei rotte, meiner Thuland, og han veit nøyaktig korleis.

Folk matar fuglar i Bergen sentrum

Her har ein person lagt ut kokt ris og hundemat til fuglane. Men det er rottene som forsyner seg.

Foto: Bymiljøetaten Bergen

– Dei er ekstremt sky, og merkar kvar einaste endring i miljøet sitt. Dei ser veldig dårleg, og brukar dei andre sansane godt. Det må du alltid ha i tankane, seier Thuland.

Han seier det mest effektive grepet er når feller som slår dei i hel, blir plasserte i kummane

– 90 prosent av rottene bur i kummane, og dei som kjem opp på overflata, er dei som kanskje er til overs, seier Thuland.

Kan bli forbode å mata fuglar

Byråd for miljø, klima og byutvikling, Ingrid Nergaard Fjeldstad, er ei av fleire som vil få kontroll på rottene.

Ho har foreslått ei forskrift for å bli kvitt problemet.

– Den vil gjere det forbode å fora vilt, som rotter er, seier Fjeldstad,

Ingrid Nergaard Fjeldstad (V), byråd for byutvikling i Bergen

Byråd for miljø, klima og byutvikling, Ingrid Nergaard Fjeldstad (V), har føreslått ein eigen rotteforskrift.

Foto: Leif Rune Løland

Det medfører at det òg blir ulovleg å mata fuglar i byen.

– Korleis kan ein handheva det?

– Det er mange måtar. No ventar eg på ein utgreiing, men me skal vurdera dei forslaga som kjem. Men me skal først og fremst gjera det forbode, slår byråden fast.