Hopp til innhold

Musikkfestival gjer at du må vente

Reisande som skal frå Lote til Anda i dag bør bu seg på noko ventetid.

Ferjekø på Lote

FERJEKØ: Det blir meldt om over ein kilometer lang ferjekø ved Lote.

Foto: Odd Helge Henden

Det er som venta stor trafikk etter helgas musikkfestival på Nordfjordeid. Frå Ferja Lote får vi opplyst at det i alle fall er ein halvtime ventetid.

– Det er vanskeleg å seie. Eg ser ikkje noko ende på køa, men reisande må nok bu seg på i alle fall eitt overhopp, seier ein av mannskapet ombord til NRK.no.

Med nær 20.000 publikumarar over to dagar, samla festivalen tusenvis av menneske som i dag skal heim. Skal ein tru køa på Lote, så skal mange av desse sørover i fylket.

Den store trafikken overraskar ikkje mannskapet om bord på Lote.

– Det verste byrja vel i halv tolv-tida. Det er slikt det brukar å vere kvart år etter Malakoff, men også slik det er når det er countryfestival på Breim, seier ho.