Hopp til innhold

Musea på bygda kan tape pengar til storbymusea

FØRDE (NRK): Eit av desse musea blir sponsa av staten med 500 kroner per besøkande. Det andre får 100 kroner. Det var før dei hamna i same storfylke.

Eit av desse musea blir sponsa med 500 kroner per besøkande. Det andre får 100 kroner. No har dei hamna i same storfylke.

BY OG LAND: Staten sponsar kvar billett med 531 kroner om du går på eit museum i den nordlege delen av fylket. Medan staten skyt inn 100 kroner kvar gong du vitjar eit museum sør i Vestland.

– Det er like dyrt å drive museum i Bergen som i Sogn og Fjordane, seier styreleiar for Bymuseet i Bergen, Eivind H. Hermansen.

Han legg til:

– No har Sogn og Fjordane og Hordaland vorte eitt fylke. Då må me likebehandle.

I tidlegare Sogn og Fjordane blir 61 prosent av kostnadene til museumsdrift dekt av staten. For tidlegare Hordaland er talet 44 prosent.

I snitt betyr det at staten sponsar kvar billett med 531 kroner om du går på eit museum i den nordlege delen av fylket. Medan staten skyt inn 100 kroner kvar gong du vitjar eit museum sør i Vestland.

Noreg fekk ny fylkesstruktur 1. januar i år. Sidan har arbeidet med å foreine ulike tradisjonar og finansieringsmodellar i dei ny storfylka skapt gnissingar.

I august melde NRK at ordførarane i Vestfold kravde å møte den nye fylkesordføraren i Viken fordi «Telemark dominerer i det nye fylket».

Vil harmonisere

No som musea i Hordaland og Sogn og Fjordane er samla under eitt fylke, er det på tide med ei harmonisering, meiner Per Morten Ekerhovd, fylkesdirektør for kultur, idrett og inkludering i Vestland.

I ein innstilling til kulturutvalet i fylkeskommunen 15. oktober tek han til orde for jamne ut forskjellane «i løpet av dei komande fem åra».

– Musea i tidlegare Hordaland blir underfinansierte av starten, men det blir dei ikkje i Sogn og Fjordane, seier han.

Administrerande direktør for Musea i Sogn og Fjordane, Kjartan Aa Berge, er open for ei harmonisering. På eitt vilkår – at pengane ikkje flyttast internt i fylket.

– Eg forstår behovet for utjamning av statsstøtte til musea i Vestland, men det må skje ved at musea i tidlegare Hordaland får meir, ikkje ved at Sogn og Fjordane får mindre, seier han.

I 2019 overførte Kulturdepartementet 1,7 milliardar kroner til 63 ulike museum. Med eit totalt besøkstal på 6,7 millionar utgjør det ein snittstøtte på 256 kroner per besøk.

Kjartan Aa Berge, adm.dir. for Musea i Sogn og Fjordane.

AVVISER PENGEKUTT: Administrerande direktør for Musea i Sogn og Fjordane, Kjartan Aa Berge, vil ikkje gje frå seg statsstøtte for at musea i tidlegare Hordaland skal få meir.

Foto: Bård Siem / NRK

– Rettferd kan bety så mange ting

Medlem i Hovudutval for kultur, idrett og integrering, Gunn Åmdal Mongstad (Sp), seier at det mest rettferdige ikkje nødvendigvis er slik at alle får nøyaktig like mykje.

– Å harmonisere handlar om sjå heilskapen. Her har vi ulike museum på ulike stader og med ulike moglegheiter for billettinntekter. Alt dette må vi ta i betraktning, seier ho.

Direktør for kunstmuseet Kode i Bergen, Petter Snare, peikar på det same:

– Vi har nesten 300.000 besøkjande per år. Vi forventar ikkje å få opp mot 500 kroner per besøkjande når vi har så mange. Men vi forventar at støtta aukar slik at vi kan ha ei forsvarleg drift, seier han.

I 2019 fekk Kode, som er det nest største kunstmuseet i landet, 6 millionar i statlege middel. Per besøkjande er det 103 kroner i statstilskot.

Petter Snare

FORVENTRA MEIR: Vi forventar ikkje å få opp mot 500 kroner per besøkjande når vi har så mange. Men vi forventar at støtta aukar slik at vi kan ha ei forsvarleg drift, seier Petter Snare.

Foto: NRK

– Enormt provoserande

Stian Jean Opedal Davies (Ap) er leiar i kulturutvalet. Han meiner roten til problemet er «favoriseringa av musea på Austlandet».

I 2019 fekk Nasjonalmuseet 790 millionar kroner over statsbudsjettet. Brutt ned på enkeltbesøk betyr det at kvar billett er sponsa med 800 kroner.

– Det er enormt provoserande å sjå at Hordaland og Vestland stadig vekk blir nedprioriterte av staten, medan dei store musea i Osloområdet får vesentleg mykje meir å rutte med, seier han.

Stian Jean Opedal Davies, Vestland Arbeiderparti

KRITISK: – Det er enormt provoserande å sjå at Hordaland og Vestland stadig vekk blir nedprioriterte av staten, seier Stian Jean Opedal Davies.

Foto: Privat