Hopp til innhold

MC-førar frakta til sjukehus etter kollisjon på E39

Ein motorsykkelførar i 50-åra er sendt med luftambulanse til Førde sjukehus, etter at han kolliderte med ein personbil på E39 i føremiddag.

Trafikkulukke på E39.

VED RASTEPLASSEN: Ulukka skal ha skjedd etter at ein MC-førar køyrde på ein personbil som skulle svinge inn mot rasteplassen ved Svidalsneset på E39.

Foto: NRK-tipsar

– Me kan førebels ikkje seie mykje om skadeomfanget, men føraren er ved bevisst tilstand, seier operasjonsleiar Frode Kolltveit i Vest politidistrikt.

Ifølgje Kolltveit skjedde ulukka i forbindelse med at MC-føraren køyrde på ein personbil bakfrå. Mannen, som er i 50-åra, fekk behandling av ambulansepersonell på staden, før han vart frakta vidare til sjukehuset.

– Det er meldt om store smerter, seier Kolltveit.

Hendinga skal ha skjedd i forbindelse med at bilen framfor var i ferd med å svinge av frå E39, like ved rasteplassen på Svidalsneset. Ulukka skjedde i ei 80-sone. Det er ikkje opplyst om skade på dei to som var i bilen framfor.

Vegen, som har vore stengt i begge retningar i ein times tid, skapte store køar. Den er no opna igjen.