– Naudetatane kom raskt til staden, og no er personen som var involvert i ulukka frakta derifrå med luftambulanse, seier Olaug Holme ved politiet sin operasjonssentral.
Det skal ikkje ha vore fleire involvert i ulukka, og politiet kan endå ikkje seie noko om kva som har skjedd. Det har heller ikkje vore nokon vitne til ulukka.
Politiet kan endå ikkje seie noko om kor alvorlege skader det her er tale om. Helse Førde melder at mannen er frakta til Førde sentralsjukehus.
Manuell dirigering
Det var ei tid manuell dirigering på staden, men vegen er no opna for fri ferdsel. Politiet melder også at bilbergingsbil har kome fram for å hente motorsykkelen.