- Det er slik det skal vera. Me må hugsa på at me kjem frå ei bygd med 7.000 menneske og eit fylke med 100.000. No skal me konkurrere med dei største byane i landet og då må me kompensera med andre ting enn pengar, seier dagleg leiar i Sogndal Fotball, Egil Blaaflat Mundal.
- Korleis kompenserer ein for at Rosenborg brukar nesten ti gonger så mykje pengar som de har tenkt?
- Me skal ikkje samanlikna oss med Rosenborg, men satsinga Sogndal tradisjonelt har hatt på anlegg og støttefunksjonar som skal få spelarane våre til å prestera betre har vore heilt avgjerande.
Kutta kraftig i 2010
Sogndal Fotball gjekk gjennom ein økonomisk hestekur i forkant av opprykkssesongen 2010. Mellom anna vart budsjettet til den sportslege satsinga barbert med fire millionar kroner.
etter bygginga av Fosshaugane Campus var målet å nærme seg eit rekneskap i balanse.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
For denne sesongen er budsjettet auka med om lag to millionar kroner, sjølv om Sogndal kan rekne med å auke inntektene sine med om lag fem millionar kroner etter opprykket. Mykje av desse pengane vil gå til å bygge opp eigenkapital.
Reduserte spelarløner
- Det har skjedd mykje. Lønsnivået er kraftig redusert dei siste åra, så me har eit mindre lønsbudsjett no enn i 2004. Sidan budsjettet elles er likt betyr det at me ressursane våre på andre ting enn løn.
- I praksis er det betre støtteapparat, betre treningsfasilitetar og alt det andre som skal til for at spelarane presterer, seier Mundal.
Medan topplønene i Sogndal til tider har lege så høgt som 7-800.000 kroner, tener dagens spelarar ein god del mindre.
- No er toppløna definert som 500.000 kroner hjå oss. Me har ein modell der unge spelarar startar med ei beskjeden løn. Så utviklar løna seg opp mot ein halv million for dei som er referansespelarar, seier Mundal.
(Artikkelen held fram under biletet)
Men Sarpsborg brukar mindre
Ein oversikt
har laga viser at halvparten av eliteserieklubbane aukar budsjettet sitt til den komande sesongen. Rosenborg skal bruke suverent mest pengar med 215 millionar kroner. Sogndal ligg nest nedst på lista med sine 24 millionar. Det er 20 millionar mindre enn Haugesund på plassen over.- Sarpsborg er faktisk under oss i denne undersøkinga, men det er for så vidt ikkje så viktig. Me kjem alltid til å vera "underdog" både økonomisk og sportsleg når me er i Eliteserien, seier Mundal.
- Er de ikkje redde for å budsjettere dykk til eit nedrykk?
- På ingen måte. Me må ta utgangspunkt i rammene me har for me har ingen rike onklar som hjelper oss om me brukar pengar som fulle sjøfolk.