Hopp til innhold

Mot ny gullalder for pelsdyrnæringa

Kjøpesterke kinesarar og russarar, og ein motebransje som igjen fokuserer på pels, har sendt prisane skinn til vêrs. Det betyr klingande mynt i kassen for dei få oppdrettarane som er att.

Revefarm i Lærdal

ETTERTRAKTA: Reveskinn er igjen blitt ei etterspurd vare.

Foto: Ole Ramshus Sælthun / NRK

Enkelte typar reveskinn har i løpet av det siste året dobla seg i pris.

Reveskinna vert seld for over 800 kroner i snitt, og for den eine hovudtypen - blårev - er det ei fordobling på eitt år. På same tid har prisane på mink auka med 50 prosent, og alt ligg til rette for at veksten berre skal auke.

– Hadde ikkje trudd eg skulle få så mykje

Ein av dei som nyt godt av prisoppgangen er reveoppdrettar Ivar Molde. Han driv landets eldste pelsdyrfarm i Lærdal.

– Dette er det ein kallar for gullplatina. Dette er den revesorten som er best betalt. Eg hadde berre eitt skinn i fjor. Det fekk eg 1135 kroner for. Og det var eit lite og dårleg skinn. Eg hadde ikkje trudd eg skulle få så mykje, seier Molde når han viser NRK rundt i revegarden.

Artikkelen held fram.

Ivar Molde

GODE TIDER: Ivar Molde i Lærdal driv landets eldste pelsdyrfarm.

Foto: Ole Ramshus Sælthun / NRK

Russland og Kina

At det er brått har blitt gode tider i pelsdyrnæringa kan ein takke nyrike russarar, kjøpesterke kinesarar og motebransjen for, meiner Norges pelsdyralslag.

– For det første så har vi den sterke veksten i Kina som er ein ein veldig viktig marknad. Ein annan viktig marknad er Russland som også er på veg tilbake til å få ein god vekst i økonomien. Vi ser også at moteindustrien har svært mykje pels i haust- og vinterkolleksjonane. Det er svært god marknadsføring, seier marknadssjef Torkil Tveter i Norges pelsdyralslag.

Talet oppdrettarar halvert på 10 år

Men svært mange har slutta med pelsdyr. Frå 2000 og fram til no har økonomien i pelsdyrnæringa våre dårleg, og talet på pelsdyrprodusentar i landet er halvert i høve til årtusenskiftet, til 300. Berre i Lærdal var det over 10 produsentar i år 2000. No står berre to att.

Ein av dei to attverande, Ivar Molde, meiner ein tener på å stå på i motgangstider.

– Slik har det vore i alle tider. Det kan vere dårleg i fem, seks, kanskje 10 år. Der ein nesten ikkje tener pengar. Men når toppane kjem, er det ingen ting som kan måle seg med pelsdyr innan dagens jordbruk.

Glad for strengare krav

Molde trur dessutan at generasjonsskiftet i pelsdyrnæringa har ført til nedgang i antal oppdrettarar. I tillegg kom det krav til at alle oppdrettarar skulle ha større bur med ulike fasilitetar for dyra frå 2009, og det førte til at mange valde å slutte i staden for å investera, ifølgje Molde. Sjølv valde han å investere, og det er han glad for.

– Det er det beste som har skjedd for pelsdyra. Du kan sjå når vi går gjennom garden her no, mellom 95 og 100 prosent av dyra ligg heilt i ro og slappar av mens vi går her, seier oppdrettaren.

Artikkelen held fram.

Revefarm i Lærdal

NYE BUR: Nye krav til betra dyrehald har kosta oppdrettarane mykje, men dei som framleis held ut får no godt betalt.

Foto: Ole Ramshus Sælthun / NRK

– Sluttar aldri med rev

Maknadssjefen i pelsdyralslaget er glad for at prisane igjen er på veg opp, etter at mange oppdrettarar har vore gjennom store investeringar

– Det å få tilbake god lønsemd gir framtidstru og lyst til å satse vidare, seier Tveter.

Mykje av vinnaroppskrifta ligg i å tenkje nytt, trur oppdrettar Ivar Molde. Han har 22 ulike revesortar i pelsdyrfarmen sin. Ved å krysse dei ulike sortane, har han fått fram unike skinn til god pris.

– Dette er det berre eg som har i heile Norge, seier bonden og viser fram eit skinn han kallar sunmist.

Han aktar ikkje å slutte med rev.

– Ein driv med så mykje anna; sau og storfe. Men pelsdyr er det siste eg sluttar med. Absolutt siste, seier Ivar Molde.