Hopp til innhold

Ingen streik på flyplassar

På overtid vart Norsk Tjenestemannslag (NTL) og arbeidsgiverforeningen Spekter einige i meklinga natt til onsdag.

flesland

På overtid vart partane i flyplassektoren samde om lønnsoppgjeret. Dermed går flya som normalt i dag.

Foto: Simon Skjelvik Brandseth

Dei vart samde etter vel to timars mekling på overtid i meklinga, som starta tysdag.

Oppgjeret partane er blitt samde om er i tråd med frontfaget og det går no til uravstemming blant medlemmene.

5,2 prosent lønnsauke

– Spekter og Avinor er fornøgde med at me med hjelp av riksmeklaren kom til semje med LO Stat/NTL. Dermed unngjekk me ein streik som ville ha råka flypassasjerane og flytrafikken kraftig, seier Spekters administrerande direktør, Anne-Kari Bratten.

Til NRK seier riksmeklar Mats Ruland at det var ei vanskeleg mekling, men at partane vart samde om eit oppgjer innanfor frontfaget på 5,2 prosent lønnsauke.

Lise Olsen, nestleiar i LO Stat og forhandlingsleiar, seier dei har fått gjennomslag for viktige krav i økonomien.

– Dette har vore ei særs krevjande og vanskeleg mekling. Eg er veldig fornøgd med at vi kom til semje, og at det ikkje vart streik, seier Olsen.

Ho seier at dei har slått tilbake forsøk på å svekkja tariffavtalen, og fått gjennomslag for viktige krav på økonomi.

Greip inn og stansa streik i 2023

Ved fleire flyplassar ville også ambulanseflygingar ha verta råka. Dette er tilfellet både i Brønnøysund og i Førde.

I 2023 greip regjeringa inn og avslutta streik blant tilsette i Luftambulansen.

Fare for liv og helse var for stor, meinte Statens helsetilsyn.

Dei fylgjde også nøye med i tilfelle streik i år.

– Helsetilsynet overvakar konsekvensar av streik som kan råka helsetenesta direkte. Me vil difor følgja med på kva konsekvensar ein eventuell streik vil få for luftambulansetenesta, skreiv kommunikasjonsdirektør Nina Vedholm i Statens helsetilsyn i ein e-post.