Hopp til innhold

Er uroa for at mobilbruk øydelegg den første tida mellom mor og barn

Alle vil vere tilgjengelege til ei kvar tid. Det har ført til at mobiltelefonen til og med er med inn på fødestova.

Kollage

TEK OVERHAND: Mange er så ivrige på mobilen like etter fødselen at det kan ta fokus vekk frå det som verkeleg er viktig.

Foto: Espen Sandmo, Torgeir Skeie / NRK

Jordmødrene på Førde sentralsjukehus erkjenner at det er lite å gjere med dette.

Men påpeikar at det ikkje er heilt problemfritt når spesielt mor blir meir oppteken av å oppdatere Facebook-statusen sin framfor å bli kjend med den nye verdsborgaren.

Uroa for den viktige første tida

Jordmor Sølvi-Bente Stavø reagerer på den aukande mobilbruken, og understrekar at det faktisk kan få konsekvensar når ein tastar laust medan det nyfødde barnet higar etter nærleik og kroppskontakt med mor.

– Det er så utruleg viktig med denne første roa. Når barnet kjem ut så legg vi det på mamma sin mage. Barnet pustar rolegare, pulsen går ned, barnet tek til å leite etter mors bryst og den første amminga, seier Stavø.

Viss mor då er i full gang med å oppdatere Facebook, og far frenetisk dokumenterer det heile for å oppdatere sin status, så kan det øydeleggje heile idyllen.

– Viss denne roa vert øydelagd av telefonar som kimar, mor som skal sende melding, far som skal ta bilete med mobiltelefonen for å sende ut og leggje ut på Facebook, så øydelegg ein noko av den tidlege starten som vi veit er kjempeviktig, seier jordmor Sølvi-Bente Stavø.

Var på Facebook rett etter

Men det er ikkje berre etter sjølve fødselen at mobiltelefonen opptek dei fødande.

– Nokon gonger ringjer det midt under fødselen, eller det kjem inn meldingar. Du når dama på det mest private på ein heilt annan måte enn det du gjorde før, seier Stavø.

Vesle Emma er 10 månader, og mamma Hanne Stølsvik Holsen hugsar godt kva ho gjorde like etter at Emma var komen til verda.

– Då var eg på Facebook. Det var masse adrenalin, eg var så glad for at alt var over og at alt gjekk bra. Og så veit eg at mange gjekk og venta, fordi dei visste at eg hadde vore på sjukehuset. Så eg tenkte; skitt og, eg legg det ut, seier Holsen.

(Artikkelen held fram under biletet)

Jordmødre

MÅ INFORMERE: F.v. jordmødrene Hildegunn Ryssdal, Ingvild Strømmen, Sølvi-Bente Stavø og Kjellaug Fredly er medvitne på at dei må informere om kor viktig den første tida med barnet er.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

Har vore ei endring

Og ho er ikkje den einaste. Med fri tilgang til bruk av nett og mobil på fødeavdelinga er dette svært vanleg.

Men assisterande avdelingssjef ved kvinneavdelinga ved Førde sentralsjukehus, Kjellaug Fredly, trur mobilen tek mykje av fokuset til mødrene.

– Eg er heilt sikker på at mobilen ikkje er viktigare enn barna, for det er han ikkje. Men det er klart at det kan opplevast som at mobilen er svært viktig for dei, fordi det er eit medium som dei brukar i kvardagen, og det klarar vi ikkje gjere noko med, seier Fredly.

– Vi har også eit anna forhold til mobil enn det vi hadde for få år sidan, trur Fredly.

Må informere meir om den første tida

Jordmødrene meiner det er viktig at mødrene blir klar over korleis mobilen kan påverke forholdet mellom mor og barn.

– Vi som jordmødrer kan vere litt flinkare til å fortelje mødrene og fedrane kor viktige det er med den første kontakten utan forstyrrande element når dei skal bli kjende med barnet sitt, trur Stavø.

– Vi må berre tilpasse oss den verkelegheita som er. Vi må sjå korleis vi kan følgje med, på ei positiv måte, seier Fredly.