Hopp til innhold

Ane kom til verda medan faren tweeta om det

– Om femten år får eg nok kjeft, seier den nybakte tobarnsfaren Bjørnar Nilsen, som skreiv Twitter-meldingar under heile fødselen i går kveld. Han meiner det er heilt greitt å gjera dette så lenge ein ikkje blir for privat.

Nyfødde Ane

MÅNDAG 19:53 – «Det ble ikke en myk landing. Men alt er bra med alle! Verdens fineste. Takk for oppmerksomheten!» Dette var den siste i ei rekke Twitter-meldingar Bjørnar Nilsen skreiv då dottera hans Ane kom til verda i går.

Foto: Bjørnar Nilsen

John Arne Riise har dei siste dagane fått mykje kjeft for meldinga han la ut på nettstaden Twitter før landskampen mot Island på fredag.

Ein som også har fått mange tilbakemeldingar på Twitter-meldingane sine i det siste er bedriftsleiar Bjørnar Nilsen frå Sola, men ikkje av heilt same grunn.

#livefødsel

Då hans betre halvdel skulle føda, laga han hashtaggen «#livefødsel». Her kunne alle som ville følgja utviklinga i fødselen, frå riene heime, på veg til sjukehuset og inne på fødeavdelinga.

– Det kom tilbakemeldingar frå heile Europa, og det var mange som følgde med. Eg fekk berre gode meldingar og det sette eg pris på, seier Nilsen.

Nokre av meldingane han skreiv:

  • Måndag 13.29 – «8 rier siden 10.00, varierende grad. Vi avventer bilturen noen minutter til.»
  • Måndag 14.05 – «Vannet gikk, sykehuset! blir stille noen minutt»
  • Måndag 14.57 – «5cm åpning. Halveis!»
  • Måndag 16.18 – «Jordmor gjør klar detaljer. K-vita sprøyte osv. Det nærmer seg.»
  • Måndag 19.53 – «Det ble ikke en myk landing. Men alt er bra med alle! Verdens fineste. Takk for oppmerksomheten!»

– Er det ikkje vel privat å skriva om fødselen mens den skjer?

– Det finst ei intimsone for meg også, sjølv om ein legg dette ut på twitter. For meg er ikkje desse meldingane alt for personlege. Ein fødsel er naturleg, og utanom mitt eige, gjekk eg aldri ut med namn og bilete, seier han.

Bjørnar Nilsen twittra under fødsel

#livefødsel: Alle som hadde lyst kunne følgja fødselen, der Bjørnar Nilsen var far, på Twitter i går og i natt.

Foto: Twitter

Bevisst forhold til det

– Eg sat med datamaskinen for å finna ut kva me måtte sjå etter slags teikn under riene. I daudtida fann eg ut at det kunne vera kjekt å skriva Twitter-meldingar om heile fødselen, så det var ikkje planlagt, seier Nilsen.

Han seier likevel at han heile tida hadde eit bevisst forhold til at han ikkje skulle vera for utleverande, men meiner at ein fødsel er noko fint ein kan dela på denne måten.

Han innrømmer likevel at kona ikkje er like begeistra for at alle kunne følgja med under fødselen hennar, og han reknar med at også nyfødde Ane ikkje plent vil vera nøgd med det når ho veks til.

– Om femten år kan det nok henda at eg får litt kjeft, seier han og ler.

Nå nyt han livet som nybakt far, og kan skriva meldingar på Twitter om meir kvardagslege ting, som bleieskift og tennis.