Hopp til innhold

Føler seg mobba og trakassert av leiaren i eige fagforbund

Fleire tilsette ved Fellesforbundet i Sogn og Fjordane føler seg mobba og trakasserte av leiaren sin. To har valt å forlate organisasjonen, medan ein er langtidssjukmeld. No står to av dei fram i NRK.

Kirketeig

FØLER SEG MOBBA: Jarle Kirketeig står no fram og fortel om dei indre problema i Fellesforbundet i Sogn og Fjordane.

Foto: Bård Siem / NRK

Organisasjonsarbeidar Jarle Kirketeig fortel om ei rekkje vonde episodar ved Fellesforbundet avdeling 19, som held til i Sogn og Fjordane.

Magne Ulvatn

LEIAR: Magne Ulvatn vil ikkje kommentere kritikken som kjem frå tidlegare og noverande tilsette.

Foto: Olav Hatlemark / Firdaposten

– Når ein tenkjer på at ein jobbar i ei fagforeining og går til leiaren sin og spør om å få vere med jentungen på første skuledag, noko ein har rett til etter tariffavtalen, og får beskjed om... skal eg bruke orda ordrett; «No får du faen meg gje deg, det er ikkje vi som betalar for desse ungane dine. Dette får du sende kona di på.», fortel Kirketeig.

Han meiner at stilen til leiar Magne Ulvatn har brote han ned, både fysisk og psykisk.

Reagerer sterkt

Ikkje lenge etter at Jarle Kirketeig byrja å jobbe som organisasjonsarbeidar ved avdeling 19 i Fellesforbundet sitt i Førde i 2007, byrja han å føle at Ulvatn var ute etter han.

Kirketeig hadde fått med seg at også forgjengaren hans følte seg svært dårleg behandla av sjefen, men håpte og trudde det ville gå seg til med han sjølv og leiaren. Men slik skulle det ikkje gå. Kirketeig følte seg etter kvart direkte motarbeidd og mobba.

– Eg synest det er veldig tragisk at eit av dei største fagforbunda i LO kan ha ein arbeidsgjevar, ein leiar, ein tillitsvald, som er vald på årsmøte i eit stort fagforbund i Sogn og Fjordane kvart år, seier Kirketeig og undrar seg over korleis dei kan halde fram med det.

(Artikkelen held fram under biletet)

mobbesak

STØR KVARANDRE: Jarle Kirketeig og Ruth Skrede meiner det no er rett å fortelje om tilhøva i Fellesforbundet.

Foto: Bård Siem / NRK

Attvald kvart år

To av dei tilsette har valt å forlate å forlate Fellesforbundet, medan ein er langtidssjukemeld.

Magne Ulvatn, som vart vald til leiar i Fellesforbundet i Sogn og Fjordane i 2006, ønskjer ikkje å kommentere saka. Han syner vidare til Geir Olsen, administrerande distriktssekretær i Fellesforbundet Hordaland og Sogn og Fjordane, som heller ikkje vil uttale seg.

Trass i at både styret og representantskapet i Fellesforbundet fylket har vore godt kjend med sterke kritikken mot Ullvatn sin leiarstil, har Ulvatn kvart år vorte attvald.

Meiner det er pinleg

Atle Reidar Sandnes, som var fylkesleiar frå 2005 til 2006, meiner dette er skammeleg.

– Alle som har vore tilsett sidan denne avdelinga vart danna i 2004, er no anten sjukmelde eller har slutta grunna trakassering. Eg synest det er veldig pinleg, så engasjert som eg er i fagrørsla og Arbeidarpartiet, meiner Sandnes.

Han samanliknar saka i Sogn og Fjordane med den langt meir kjende Valla/Yssen-striden, som gjekk så langt at den tidlegare så mektige LO-leiaren måtte gå av grunna leiarstilen sin.

(Artikkelen held fram under biletet)

Atle Roar Sandnes

RYSTA: Tidlegare leiar i Fellesforbundet, Atle Roar Sandnes, meiner at noko må gjerast i fagorganisasjonen.

Foto: Bård Siem / NRK

Fortvila over situasjonen

Også Ruth Skrede, som tidlegare jobba som sekretær ved kontoret i Førde, følte seg dårleg behandla. Ho er fortvilt over at Ulvatn har fått halde fram som leiar.

– Vi har vore tre som har vore tilsett, vi har alle gått frå stillinga vår. Kva blir det til om det er slik eit leiarsystem skal vere. Korleis jobbar styret i Fellesforbundet for medlemer og tilsette, for at dette skal gå bra? undrar Skrede.

Glad for støtte

Kirketeig er utruleg glad for at tidlegare kollegaer i Fellesforbundet går ut og støttar han.

Han fortel at det var ei vanskeleg avgjerd å gå ut i media, men at han gjer dette ikkje minst av omsyn til at framtidige tilsette i Fellesforbundet skal sleppe å måtte oppleve det same som han sjølv.

– Eg kunne gjort det enkle, å slutte. Men då veit eg at eg har eit ettermæle som ikkje er verdt nokon ting, og eg vil ikkje overlate og problemet til ein ny person som vil komme inn i same situasjonen. No har leiaren brote ned nok folk. Dette er ein situasjon som må fram, det går ikkje lenger, seier Kirketeig.

NRK.no har ved fleire høve vore i kontakt med Magne Ulvatn for å få ein kommentar i saka, utan at fylkesleiaren har ønskt å komme til orde.

Overfor NRK stadfestar leiar Arve Bakke i Fellesforbundet at det er ein arbeidskonflikt ved avdeling 19 sitt kontor i Førde. Han ønskjer ikkje å kommentere saka utover dette.