Hopp til innhold

Her rykker politiet ut for å ta bilist som såg på film medan han køyrde

Politiet var alt anna enn nøgde då dei fann ut at den vinglete køyringa skuldast at mannen i 40-åra var meir opptatt av å sjå på film enn å sjå på vegen.

Utrykning i Førde sentrum.

FULL FART: Her er politiet i Førde på veg for å stoppe den filmglade sjåføren.

Foto: Julianne Flølo / NRK

– Politiet ser svært alvorleg på dette, seier operasjonsleiar Tatjana Knappen i Vest politidistrikt.

Klokka 16.14 torsdag ettermiddag fekk politiet melding om at ein bil køyrde vinglete på riksveg 5 mellom Florø og Naustdal.

Dei fatta raskt mistanke om ruskøyring og rykte ut frå Førde. I Eikefjord i Kinn kommune blei bilen stansa.

Men det var slett ikkje rusmiddel mannen i 40-åra koste seg med langs den sterkt trafikkerte riksvegen. I staden synte det seg at han rett og slett såg på film.

– Det er jo svært alvorleg dersom ein har fokuset på ein skjerm i bilen i staden for på vegen, konstaterer Knappen.

Om det var ein bilfilm eller ei romantisk komedie mannen såg på, veit ikkje operasjonssentralen.

Uansett filmsmak, så fell ikkje filmsjåinga i god smak hos politipatruljen.

– Førarkortet blei beslaglagt på staden, konkluderer operasjonsleiaren.