Hopp til innhold

Misnøgde med SAS etter reisemareritt – ekteparet sin ferietur enda heime i sofaen

KROKEIDE (NRK): Utan varsel vart billettane til Eilif og Marit endra til «standby». Etter ei rekkje kanselleringar og to døgn på Gardermoen gav dei opp – og køyrde heim til Bergen.

Eilif og Marit Haaland

FRUSTRERTE: Dei skulle ha vore på den greske øya Ikaria, men Eilif og Marit Haaland enda opp heime på Krokeide – med ekstra papirarbeid.

Foto: Elise Angell / NRK

– Vi er slitne, lei oss og litt sinte, seier Eilif Haaland.

NRK møter han og kona Marit heime på Krokeide i Fana i Bergen. Eigentleg skulle dei vore ein heilt annan plass.

Planen var sommarferie på den greske øyperla Ikaria, med nokre dagar i Aten i forkant. Flyet skulle gå frå Flesland fredag føremiddag, med mellomlanding i Stockholm.

– Dette var årets happening. Vi har sett fram til det sidan vi bestilte billettane i mars, fortel Eilif.

Men draumen om sol, bading og greske fortausrestaurantar vart kortvarig.

Trøbbelet starta allereie på Flesland – og problema skulle visa seg å veksa kraftig.

Eilif og Marit Haaland bestilling

REISEPLANEN: Som det viste seg å ikkje bli noko av.

Foto: Elise Angell / NRK

Kansellering etter kansellering: – Aldri opplevd liknande

Vel framme på flyplassen i Bergen, fekk ekteparet uventa beskjed om at det var såkalla «standby»-billettar dei hadde til Stockholm.

Det til trass for at det var heilt vanlege flybillettar dei hadde bestilt.

Passasjerar med standby-billettar vert nedprioriterte – og får ikkje vera med dersom flyet er fullt.

– Vi forstod ingenting, for vi hadde jo bestilt ordinære billettar, seier Eilif Haaland.

Med det starta marerittet, som inkluderer tre kanselleringar og fleire forseinkingar:

  • Dei fekk ikkje plass på flyet til Stockholm. Difor ville dei ikkje nå flyet dei opphavleg skulle ta vidare til Aten.
  • Dermed vart dei ombooka til eit direktefly frå Oslo til Aten. Men kanselleringar og forseinkingar frå Bergen gjorde at dei heller ikkje ville nå dette flyet til den greske hovudstaden.
  • Dei fekk likevel beskjed om å reise til Oslo med eit seinare fly, fordi det ville vera lettare å ta seg vidare derifrå.
  • Vel framme i Oslo, fekk dei nye billettar til Aten morgonen etter. Men så fekk dei SMS om at denne avgangen var kansellert.
  • Dei fekk tilbod om nye billettar søndag morgon, to døgn etter at dei skulle reisa frå Flesland. Men då søndagen kom, var også dette flyet kansellert.
  • Ekteparet bad om å få billettar heim til Bergen. Men alle fly var fulle. Dei enda difor med å leiga bil og køyra heim.

– Vi har reist over heile verda, men aldri opplevd noko liknande, seier ekteparet.

Dei forsøkte å få hjelp frå SAS, både i Bergen og Oslo.

– Vi var mange som trong hjelp, men det sat berre éin person i skranken på begge flyplassane. Det var som å kjempa mot eit usynleg troll. Dei vi snakka med i SAS, kunne ikkje hjelpa oss.

– Føler oss dårleg behandla av SAS

Like før midnatt søndag kveld var ekteparet endeleg kome heim att. Då hadde dei vore på reise i to og eit halvt døgn, ein reise som altså blei noko heilt anna enn den dei hadde gledd seg til.

– Vi var kjempeslitne. Det finst grenser for kor mykje vi kan tole når vi nærmar oss 70 år, seier Eilif Haaland.

No må han og kona, i staden for å nyta late dagar i Hellas, bruka ferien til å senda søknadar om refusjon og kompensasjon til dei ulike selskapa.

– Det var jo ikkje dette vi hadde tenkt. Vi føler oss dårleg behandla av SAS-systemet. Ingen kunna hjelpe oss. Eg synest det er ille at dei ikkje prioriterer kunden høgare, seier Eilif Haaland.

SAS: – Beklagar på det sterkaste

Forbrukarrådet har så langt i år fått 646 førespurnadar frå folk om flyreiser.

Pia Cecilie Høst

FORBRUKARRÅDET: Pia Cecilie Høst er leiar for forbrukardialog i Forbrukarrådet.

Foto: Halvor Pritzlaff Njerve / Forbrukerrådet

Leiar for forbrukardialog, Pia Cecilie Høst, forstår godt reaksjonen til paret frå Bergen.

– Det er ein dårleg start på ferien dersom flyet er overbooka og fly etter fly vert kansellert. Ein har rett til å bli tatt vare på av flyselskapet når slikt skjer, og kan be om å få reisa vidare med eit anna fly eller få pengane tilbake, fortel ho.

SAS stadfester alt trøbbelet som oppstod på Marit og Eilif Haaland si planlagde reise.

Tonje Sund, pressekontakt i SAS

BEKLAGAR: – Vi har sytt for nye billettar til Aten og vil sjølvsagt refundere relevante ekstrautgifter ekteparet Haaland har hatt i samband med denne hendinga, fortel Tonje Sund, pressekontakt i SAS.

Foto: Vilde Helljesen / NRK

I ein e-post til NRK skriv pressekontakt Tonje Sund at dei beklagar på det sterkaste.

– Årsaka til trafikkforstyrringane i helga var ein kombinasjon av ekstraordinære hendingar, inkludert to såkalla birdstrikes – det vil seie samanstøyt med fugl – som sette kvart sitt fly ute av spel, noko som igjen fekk konsekvensar vidare i rutenettet. Vi beklagar på det sterkaste, og forstår naturleg nok kor viktig ei slik reise er, skriv Sund.

Etter at NRK tok kontakt med SAS, har ekteparet Haaland fått tilbod om nye, oppgraderte billettar som dei kan nytte ved eit seinare høve. Dei to har takka ja til billettane, og får også dekka relevante ekstrautgifter.