Fosselie skriv under tittelen "Overkjørt" på leiarplass at heile effektiviseringsprosessen i vegvesenet kan vere bortkasta etter at mellom anna Leikanger fekk regionkontor for vegvesenet.
For når vegdirektør Olav Søfteland foreslo Bergen som veghovudstad for Vestlandet var ikkje det tilfeldig. Både Bergen og dei fire andre byane Søfteland ville gi regionkontor hadde nemleg spesielle fortrinn med omsyn til effektiviseringa av etaten, seier Fosselie.
Har fått reaksjonar
Og under tittelen "Overkjørt" skriv altså Fosselie kor feil han tykkjer det er at mellom anna Leikanger fekk regionkontor for vegvesenet. Og redaktøren for det som også er ei avis for dei tilsette på vegkontoret i Sogn har alt fått mange reaksjonar.
-Men det er heilt normalt, og noko ein redaktør må tåle, seier Fosselie.