Minner om smitteråd før ramadan

Fastemånaden til muslimane startar neste veke. Bergen kommune understrekar at smitteverntiltaka også gjeld under ramadan. Dei oppmodar til å avgrense sosial fysisk kontakt, ha maks to gjestar både inne og ute, og utsette eller avlyse arrangement.