Prosjektleiar Bjørg Eli Hollund i Helse Vest seier det ser ut som folk klarer seg bra fram år etter eksplosjonen og at dei lever eit godt liv.
– Vi har ikkje avdekka alvorlege helseskadar og dei som hadde stresslidingar i 2008, har blitt betre. Det er også færre som melder om stressymptom. Dei som rapporterer slike plager, fortel at det plagar dei mindre no i 2008, seier ho.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Har blitt undersøkte tre gonger
I mai 2007 eksploderte ein lagringstank ved Vest Tank sitt anlegg i Sløvåg i Gulen. Kring 200 personar hadde til dels store plager som kvalme, irritert hals og irriterte auge i etter at dei to tankane ved anlegget i Sløvåg eksploderte.
Eksplosjonen resulterte i ein svær brann, der store mengder røyk og gass blei spreidd i området. Etter ulukka gjennomførte kommunehelsetenesta ei spørjeundersøking i lokalsamfunnet og konklusjonen var at mange personar hadde fått helseplager etter eksplosjonen.
Til saman har det blitt gjennomført tre helseundersøkingar. Den første i 2008 viste at det var ein del alvorlege stressreaksjonar mellom dei som var nærmast ulukka.
- LES OGSÅ:
Færre med alvorlege stressreaksjonar
Hollund seier håpet heile tida har vore at helsetilstanden skulle bli betre.
– Plagene er mindre og vi ser ikkje alvorlege saker så langt. Vi har følgt desse personane i fem år og det er framleis for tidleg å seie noko om langtidseffektar. Det er eventuelt noko vi må følgje befolkninga over tid med.
Dei alvorlege stressreaksjonane har gått i at folk har hatt problem med å sove eller at dei fortrengjer det som har skjedd.
– Enkelte har også fått minne frå ulukka om dei har kome i andre stressande situasjonar.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
– Kvardagen har vendt tilbake
Hollund seier at ettersom tida har gått, har mange fått ulukka på avstand og at dei har fått bearbeidd det som skjedde,
– Vi kan seie at kvardagen har vendt tilbake for mange, seier ho.
No blir oppfølginga av innbyggjarane avslutta, men dei skal framleis ta vare på alt som er samla inn.
– Vi har både data og blod liggjande, så skulle det dukke opp ny kunnskap, kan vi sjå tilbake om det er noko vi ikkje har fått med oss undervegs, seier ho.
GJEKK I LUFTA: I mai 2007 var det ein kraftig eksplosjon i to tankar i Sløvåg i Gulen.
Foto: Kåre Ness