Hopp til innhold

Millionkrangel etter at delar av «Noregs brattaste veg» raste ut

Ei gravemaskin rasa 10-15 meter ned og fekk skader for millionar i den stupbratte Stalheimskleiva. No kan vegen truleg aldri bli brukt til busstrafikk igjen.

Den bratte veien Stalheimskleivane i Voss herad, arm av E16, skadet med deler av veien rast ut

RASA UT: Ei gravemaskin gjekk for langt ut på den utrygge muren i Stalheimskleiva i fjor haust. No er det strid om forsikringsoppgjeret. Samtidig tyder mykje på at den populære turistvegen blir stengd for tungtrafikk for godt.

Foto: Arne Hofseth

Med 250 meters stigning på knappe 1,5 kilometer var Stalheimskleiva mellom Voss og Nærøydalen den brattaste riksvegen i Noreg og Nord-Europa, fram til E16 blei lagt i tunnel i 1980.

Vegen er frå 1850-talet. Auka bussturisme gjorde at vegen måtte fiksast. Det gjekk ikkje som planlagt.

Gravemasking velta då mur i Stalheimskleiva rasa ut

Slik såg det ut etter at gravemaskina sklei ned og øydela vegen som skulle fiksast.

Foto: AURLAND BRANN OG REDNING

Skuldar på kvarandre

I fjor starta arbeidet med å sikra den såkalla «Minesvingen». Muren blei plukka frå kvarandre, men funn av fleire sprengingskammer frå krigen gjorde at Statens vegvesen valde å hyra inn ei spesialgravemaskin.

– Det er ei maskin som blir brukt viss det er fare for sprengstoff i området, seier avdelingsdirektør Svenn Egil Finden i Statens vegvesen.

I september i fjor gjekk det gale. Gravemaskina hamna for langt ut i vegbana, og muren gav etter. Maskina fall 10–15 meter i det bratte terrenget, og føraren måtte bli henta ut av brannvesenet.

Stalheimskleiva er ein av dei brattaste vegane i Nord-Europa, bygd i perioden 1842-1846. Den 1,5 km lange vegen slynger seg 250 meter oppover gjennom 13 hårnålssvingar.
Men vegen har nådd brestepunktet for kva han toler. I fjor starta arbeidet med å reparera Minesvingen, som stod i fare for å rasa ut. Då ei gravemaskin kom for nær kanten, rasa ein 4-5 m høg mur ut. No er det konflikt om kven som har ansvaret.
Visualisering: Anders Nøkling

Føraren kom frå det utan skader. Det gjorde ikkje maskina.

I eit forsikringskrav sendt i mars ber Gjensidige Vegvesenet om å erkjenna ansvar for skadane. Totalt kjem kravet på over 1,9 millionar kroner.

Forsikringsselskapet meiner det ikkje blei gjort ein såkalla sikker jobbanalyse på førehand. Gjensidige meiner det heller ikkje kan ha blitt gjort grundige nok undersøkingar av grunnen.

– Me er av den oppfatninga at dykk i samband med dette utviste aktløyse, skriv forsikringsselskapet i brevet som NRK har fått innsyn i.

Ødelagt mur i Stalheimskleiva

MUREN I DAG: Slik ser det ut i Stalheimskleiva i dag. Arbeidet med å sikra denne Minesvingen går framleis føre seg. I løpet av arbeidet er det avdekt svikt i fleire av dei høge murane i Kleiva.

Foto: Arne Hofseth

Ueinige om gjennomgang

Vegvesenet er av ei heilt anna oppfatning enn forsikringsselskapet.

Vegvesenet viser til at dei ville bruka ein maskinførar dei allereie hadde med på prosjektet. Men firmaet som leigde ut gravemaskina, Hirth Himle Entreprenør, ville ha ein av sine eigne folk bak spakane, ifølgje Vegvesenet.

På morgonen den dagen ulukka skjedde blei det difor utført synfaring. Sidan muren var av svært dårleg stand, blei det påpeikt at føraren måtte halda seg på innsida.

– Dette er jo eit tilfelle som var gjennomgått ganske grundig i forkant, også med tanke på plassering av maskina. Likevel skjedde det altså ei ulukke, konstaterer Finden i Vegvesenet.

Ulukka skjedde då gravemaskinføraren køyrde for langt ut mot vegkanten.

– Handlemåten var i strid med instruksane som gravemaskinføraren hadde fått, heiter det i brevet der Vegvesenet svarer på kravet.

Gjensidige Forsikring jobbar no med å gå gjennom saka og ønskjer ikkje kommentera kravet eller svaret.

NRK har lagt fram kritikken mot gravemaskinføraren for dagleg leiar Roar Himle i Hirth Himle Entreprenør. Han viser til at selskapet ikkje er part i forsikringsoppgjeret. Han opplyser at selskapet vil gi sin versjon av saka til Gjensidige, og ønskjer elles ikkje kommentera saka.

Gravemaskin raste utfor mur i Stalheimskleiva

GAV ETTER: Biletet er tatt like etter ulukka. Den forsterka gravemaskina, som har ein høgare tryggleiksklasse, var ikkje i maskinparken til entreprenøren som hadde prosjektet. Difor blei denne maskina leigd inn.

Foto: Statens vegvesen

Blir truleg stengd for godt

Sidan hårnålssvingane blei erstatta med tunnelar på 1980-talet, har den smale og bratte vegen vore ein ynda turistattraksjon.

No er Statens vegvesen berre ein rapport unna å legga ned forbod mot bussar og andre større køyretøy.

Hotellnæringa har allereie reagert skarpt på planane om ei mogleg stenging.

– Det er ikkje fatta ei formell avgjerd enno, me ventar på ein geoteknisk rapport. Den er venta i løpet av våren, opplyser Finden.

– Det kan bli mogleg for reiselivet å utvikla eit nytt produkt som ikkje er basert på store, tunge turistbussar, men kanskje ein annan type turisme, seier avdelingsdirektøren.

Sjå NRK Fjernsyn frå Stalheimskleiva i 1970:

Arkvimateriale fra NRK Fjernsynet sendt 17.04.1970 om den trange og bratte veien mellom Voss og Nærøydalen: Stalheimskleiva.

HISTORISK: Hundrevis av bussar har forsert dei 13 hårnålssvingane mellom Stalheim hotell og botnen av Nærøydalen.