Ei gravemaskin rasa i ettermiddag utfor ein bratt skrent etter at vegbana Stalheimskleiva i Vestland gav etter. Føraren blei berga ut på heltemodig vis av ein brannmann som fira seg ned i tau.
Stalheimskleiva ligg i Nærøydalen mellom Voss og Gudvangen og er eit svært populært turmål for bilturistar. Turistvegen har vore stengd i heile sommar på grunn av rasfare.
– Ulukka skuldast at vegbana gav etter. Vi sende ned ein mann i tau ned skråninga, som fekk redda sjåføren ut, seier brannsjef i Aurland, Reinhard Sørensen, til NRK.
Leita etter sprengstoff
Fleire spesialtrena hundar, hundeførarar og føraren av gravemaskina var på staden då vegen utan forvarsel forsvann.
– Ein del av mandatet med å ruste opp vegen inkluderer det å undersøke om det låg igjen eksplosivar frå krigens dagar. Det var difor hundar med nase for slikt på plass. Heldigvis har ingen av dei kome til skade, seier Brynjulv Eide i Statens vegvesen til NRK.
Det blei slått full alarm då meldinga kom. Alarmsentralen i Sogn og Fjordane opplyser at det blei sendt ut redningsfolk frå både Aurland og Voss.
SVÆRT BRATT: Her ligg gravemaskina nede i skråninga under vegen i Stalheimskleiva.
Foto: Aurland brannvesenRasfarleg område
Føraren av gravemaskina framstod som uskadd då han blei henta ut, men blei sendt til lege for ein grundigare sjekk.
I mai blei fleire teltturistar nær tekne av steinras då dei villcampa rett ved vegen.
– Eg forklarte at det var rasfare, men det beit turistane ikkje på, sa Roald Jordalen til NRK den gongen.
Stalheim-området blei brukt som ein strategisk viktig base for tyskarane under 2. verdskrigen og det finst mange spor etter deira aktivitet. Blant anna bunkersar og skytestillingar.
RASTE UTFOR: Føraren av ei gravemaskin skal ha kome fysisk uskadd frå ulukka.