Hopp til innhold

Millionerstatning til Crocs

Billige kopiar vart dyre likevel.

Crocs
Foto: TIMOTHY A. CLARY / AFP

Les og: Bygstad-verksemd skulda for plagiat

Les og: Til sak mot Bygstad-mann

Bygstad-selskapet Dagaz Nordic gjekk på eit sviande nederlag i Fjordane Tingrett og må no betale ei erstatning på 1.060.790 kroner. I tillegg til millionerstatninga må selskapet også betale sakskostnadene til den norske greina av den amerikanske skogiganten Crocs på 174.000 kroner.

På toppen av det heile har retten lagt ned forbod mot at Dagaz får importere, distribuere og selje Crocs-kopiane til Dagaz.

Var forhandlar

Saka som no er avgjort i Fjordane Tingrett hadde sitt opphav i 2006. Bygstad-selskapet Dagaz var på den tida forhandlar av Crocs om dei populære arbeidsskoa deira. Det samarbeidet opphøyrde då Crocs fann ut at Dagaz også selde Dagaz Clogs, ein skotype som i følgje Crocs ”utseendemessig nesten er identisk med Crocs skomodell ”Cayman”.

Crocs gjekk til retten for å få stogga salet, og fekk viljen sin i mars 2007.

Les og: Må stoppe skosalet

Forhandlingar nytta ikkje

I tida etterpå forhandla Dagaz og Crocs om ei løysing på konflikten. Forhandlingane førte ikkje fram og erstatningskravet til Crocs enda i retten – i følgje med eit motsøksmål frå Dagaz.

Crocs kravde også at Dagaz sitt restlager av dei omstridde skomodellane skulle øydeleggjast, men det gjekk ikkje retten med på. Årsaka er at dei ikkje har funne brot på varemerkelova, berre på marknadsføringslova. Det er altså ikkje skoa i seg sjølv som er problemet, men måten Dagaz har marknadsført dei på.

Partane har ein månad på seg til å anke dommen.