Hopp til innhold

Bygstad-verksemd skulda for plagiat

Skogigant går til sak mot eigaren av Dagaz i Bygstad.

Crocs sandals
Foto: Hanne Eik

Det er den femte største skoprodusenten, Crocs, som trugar Bygstad-verksemda Dagaz med rettssak. Dei meiner at kloggane til verksemda er kopiar av deira sko.

- Desse skoa er slik vi ser det heilt identiske. Skilnaden er at dei har ein annan logo under skoen som seier at dei heiter noko anna, seier advokat for Crocs, Thomas Rukin, i advokatfirmaet Grette.

- Dagaz bryt lova

Crocs er notert på Nasdaq-børsen, og har gjort seg verdskjend for kloggar i svært mjukt og pustande materiale, med ei krokodille som varemerke. Selskapet meiner no at Dagaz bryt marknadsføringslova når dei produserer og sel liknande kloggar.

- Slik vi ser det, så meiner vi det. Men det er eventuelt opp til ein rett å avgjere, seier Rukin.

Er i dialog

Advokaten understrekar at han uttalar seg generelt i saka fordi dei førebels er i forhandlingar med Dagaz om ei løysing. Men det er på det reine at eigaren av Dagaz selde Crocs-sko gjennom si eiga bedrift i Førde. Etter ei tid tok han inn sko som hans eiga bedrift produserte med sko som motparten hevdar er identiske med deira sko.

- Det forbode i næringsverksemd å bruke eller etterlikne produkt på ein slik måte at det vert sett på som urimeleg utnytting av ein annan sin innsats eller resultat, seier Rukin.

- Ingen kommentar

Advokaten til Bygstadselskapet Dagaz, Jan C. Dyngen, ynskjer ikkje å kommentere saka vidare ettersom dei er i forhandlingar med Crocs. Men dersom dei ikkje finn ei løysing er ikkje advokat Rukin i tvil om korleis utfallet av ei rettssak vil bli.

- Vi vil aldri anlagt ei sak om vi var sikre på at vi skulle tape den, seier han. Rukin opplyser at dei vil vurdere rettsak mot fleire produsentar av kopiar av dei spesielle kloggane.