Hopp til innhold

Meyer gir eksbyråd ansvar for Eviny-rotet

Byrådsleiar Christine Meyer (H) legg ansvaret for Eviny-bråket den siste veka på partikollega Eivind Nævdal-Bolstad. Måndag gjekk han av som finansbyråd i Bergen, og peika då både på Eviny-handteringa og to andre styresaker der han har gjort formelle feil.

Meyer orienterte tysdag morgon forretningsutvalet til Bergen bystyre om saka. Der opplyste ho at ho 15. mai vart kontakta av Nævdal-Bolstad for å ringe opp Øistein Andresen, som kommunen ønska som ny styreleiar i Eviny.

Meyer fortel at ho tok opp at det var kort tid til generalforsamlinga i Eviny 21. mai, men skal ha fått til svar at møtet måtte gå som planlagt. Ho hadde tiltru til at byrådsavdelinga for finans hadde formalitetar på plass.

– Den avgåtte finansbyråden har sjølv tatt kritikk for å starte prosessen for seint, og det er ei vurdering eg deler, seier Meyer i møtet.

Men byrådsleiaren kunne også fortelle at ho har vore involvert i prosessen denne våren med å finne nye kandidatar til styreleiarvervet, og at det starta med eit møte med finansbyråden for fleire månadar sidan. Der diskuterte dei alle styrene i Bergen kommune.

– Vi hamna til slutt på at Øistein Andresen ville vere eit veldig godt namn. Det var mi involvering før 15. mai å diskutere konkrete namn. Eg hadde ikkje noko med prosedyrar, fullmakter eller noko anna, seier byrådsleiaren.

Ho tok kontakt med Andresen 15. mai, og fekk stadfesta same kveld at han ønska å stille. Då habilitetsvurderinga av han vart klar laurdag 18. mai, tok eksbyråden kontakt med noverande styreleiar, Jan Erik Kjerpeseth, og orienterte om at dei ønska å skifte han ut, fortel Meyer.

pk bergen kommune
Foto: John Inge Johansen / NRK