Hopp til innhold

Meteorologen om valet: – Vêret er ingen unnskylding for ikkje å stemme

Sol, regn og snø. Det er menyen til meteorologane på valdagen. Men uansett vêr, så lovar meteorologen å stemme.

Folk står i kø i regnvær utenfor valglokalet

DÅRLEG VÊR: Folk let seg ikkje skremme frå å førehandsstemme sjølv om det var vått under lokalvalet for to år sidan.

Foto: Su Thet Mon / NRK

Dei lærde stridast om vêret på sjølve valdagen verkeleg påverkar valdeltakinga. Meiningane er delte. Og diskusjonen vert neppe lettare etter årets val, skal vi tru varselet for komande måndag.

Nord for Trondheimsfjorden vil eit lågtrykk prege dagen med regn og kjølig luft.

– I Nord-Noreg vert det ein kald og våt valdag, seier statsmeteorolog Julie Solsvik Vågane.

Kan kome snø

Ho fortel at temperaturen i låglandet vil liggje på mellom tre og fem grader, og ho utelukkar ikkje at nedbøren kan kome som snø i fjellet.

– Det er såpass kjølig at vi skal ikkje så høgt til fjells før vi kan finne snø. Men vallokala ligg vel stort sett i låglandet, så eg reknar med at folk vil sleppe unna snøen på veg til stemmeurnene, seier Solsvik Vågane.

I Sør-Noreg derimot er det garantert fritt for kvit nedbør, sjølv om temperaturen på dagtid vil krype ned mot haustlege 10 grader.

– Det vert periodar med sol, og lite vind. Det vert ein fin valdag, med mykje fint og lett ver, forklarar Solsvik Vågane.

Statsmeteorolog Julie Solsvik Vågane.

STATSMETEOROLOG: Julie Solsvik Vågane lovar å stemme uansett vêr.

Foto: Privat

Valforskar: – Betyr mindre i år

Men så er det store spørsmål, påverkar vêret talet på nordmenn som kjem til vallokala? I 2009 fordjupa ein klimaforskar og ein valforskar seg i statistikken, på oppdrag for Yr. Dei tok då for seg valdeltakinga og vêrstatistikkane for dei siste fem stortingsvala.

– Vi har funne eit signal på at vêret har litt å seie. Dei åra der både tørt og vått vêr er godt representert, ser vi ein tendens til at våte område har noko lågare oppslutnad enn tørre område, sa klimaforskar Hans Olav Hygen ved Meteorologisk institutt til NRK den gongen.

– Ei myte.

Det var beskjeden frå professor Jo Thori Lind ved Økonomisk institutt ved Universitetet i Oslo då Aftenposten intervjua han i 2018 om same temaet. Han har studert val og vêr sidan 1970.

– Eg fann ut at viss det regnar på valdagen, går valdeltakinga opp med kring eitt prosentpoeng. Det betyr at regn ikkje skremmer dei fleste av veljarane, men fint vêr gir dei andre ting å gjere på enn å stemme.

– Finst ikkje dårleg vêr

Men for statsmeteorologen med arbeidsstad hos Vervarslinga i Nord-Noreg spelar vêret uansett lita rolle.

– Eg skal nok klare å komme meg til stemmelokalet uansett. Som meteorolog må eg ta det vêret eg får. Vi plar seie at så lenge vêret er meldt, så er det godt vêr, smiler ho gjennom telefonrøyret frå Tromsø.

Kommuneforsker Yngve Flo ved Norce

VALFORSKAR: Yngve Flo trur vêret relativt sett har mindre å seie når rekordmange har førehandsstemt.

Foto: Adrian Nyhammer Olsen / NRK

– Spelar mindre rolle

Valforskar Yngve Flo ved Universitetet i Bergen er ikkje sikker. Han har ikkje forska på temaet, og ønskjer ikkje å spekulere i om kor stor rolle vêret eigentleg spelar.

– Men i år kan vi vel seie at vêret relativt sett spelar ei mindre rolle då rekordmange har førehandsstemt alt, seier han.

Laster Twitter-innhold