Hopp til innhold

Ingen tropenatt i natt – men sommarvarmen held fram

Det var ikkje langt unna, men det blei berre nesten tropenatt på Vestlandet i i helga.

Fisker i solnedgang

Det er venta fint vêr med gode temperaturar til helga.

Foto: Morten Rød / NRK

På Kråkenes i Nordfjord låg temperaturen på over 20 grader nesten heile natt til laurdag, men klokka 5 kom ein vestavind og gjorde lufta kaldare.

I Lysebotn i Rogaland nådde snittemperasturen 19,5 grader.

– Natt til søndag blir det om lag like heitt, melde meteorologane.

Men søndag morgon kan dei opplyse at det blei litt meir skyer enn venta inn over Sørvestlandet. Det gjorde at temperaturen sank.

Med unntak av eit lett nedbørsområde som passerer kysten av Vestlandet no, vil temperaturane og sommarvêret halde seg utover dei første dagane også komande veke.

Fredag kveld fekk vi ny temperatur-rekord for 2020 med 29 grader i Værnes. Også i helgen kan temperaturane krype opp mot 30 varmegrader.

– Det blir fint vêr over heile landet, seier meteorolog Anne Solveig Andersen.

Knallvêr og temperaturar godt over 20-talet har prega store deler av landet den siste tida.

Meteorologisk institutt melder om ny temperatur-rekord for 2020: Værnes med 29,0 grader fredag kveld.

Laster Twitter-innhold

No seier meteorologane at også helga kan by på svært høge temperaturar.

– Vi kan nok vente oss opp mot 28 varmegrader enkelte stader, seier Anne Solveig Andersen som er vakthavande meteorolog på vestlandet.

– Kan bli tropenatt

Det store spørsmålet er om nettene vil bli like varme. Temperaturane må halde seg over 20 varmegrader gjennom heile natta før det kan kallast for ei tropenatt.

Men det blei berre nesten tropenatt i natt.

Like varmt som Spania

Akkurat no er det fleire stader som måler 25 og 26 varmegrader. Sarchosidis seier at det blir reine sydenstemninga på vestlandet i helga.

– Akkurat no er det like varmt her som i Spania og Italia. Så ein skal ikkje vere lei seg for at ein ikkje får reist til Syden.

Finvêret held fram

Neste veke ser også ut til å bli bra. Frå søndag av vil det bli litt kaldare i Nord Noreg, men det vil stort sett vere varmt over heile landet, seier Andersen.

Når det gjeld helga er beskjeden frå meteorologen soleklar:

– Denne helga må vi heilt klart hugse på solkrem!

Badeplassen Foten i Fredrikstad

På badeplassen Foten i Fredrikstad nyt dei varmen.

Foto: Odd Skjerdal / NRK