Hopp til innhold

Har rydda breiare kraftgater - i natt merka dei fordelen med arbeidet

Fleire tusen innbyggjarar i Sogn mista i natt straumen på grunn av uvêr. Men det kunne fort blitt endå verre, hadde det ikkje vore for kraftselskapet si skogrydding langs linjene.

Tre som har lagt seg over kraftlinjer

TRE PÅ TRE: Hundrevis av tre la seg over kraftlinjene i Sogn og Fjordane under uvêret Dagmar i romjula 2011. Dette har kraftselskapa lært av, og no sikrar dei leidningsnettet med breiare kraftgater.

Foto: NRK

– Vi er eigentleg litt stolte av at vi ikkje fekk meir problem i den sterke vinden. Vi har eit leidningsnett på 450 kilometer, og det var berre ein stad det hadde ramla tre over, seier Harald Stadheim som er nettsjef i Sognekraft til NRK.no.

I Sogndal, Leikanger og Balestrand opplevde folk at straumen forsvann i natt, og Sognekraft var raske med å sende folk ut for å reparere feila.

Stadheim fortel at dei har hatt åtte personar i sving sidan langt på natt for å rette alle feila.

– Det har vore travelt, seier nettsjefen.

Alle har fått straumen tilbake

Det har vore fleire ulike typar feil som har gitt mannskapet til Sognekraft arbeid, fortel Stadheim.

– Den feilen som laga mest krøll for oss var ein feil i Kvåle sekundærstasjon som medførte brann i ein straumtransformator der. Dette jobba vi med fram til klokka fire i natt, og fekk då straumen tilbake igjen, seier han.

I tillegg ramla eit tre over linja på linja som går mellom Vik og Leikanger, og det vart eit isolatorhavari på ei linje i Balestrand som førte til brann i ei mast.

Like over klokka 15 torsdag ettermiddag skal alle abonnentane ha fått straumen tilbake.

(Artikkelen held fram under TV-saka)

Kraftselskapa meiner mange øydeleggingar under uveret i jula kunne vore unngått dersom kraftlinetraseane hadde vore breiare. 
Tusenvis av tre knakk under Dagmar, og mange av dei hamna på kraftledningar og gjorde folk straumlause i dagevis.

SJÅ TV-SAKA FRÅ JANUAR 2012: Etter at Dagmar herja i romjula 2011 varsla kraftselskapa at dei ville rydde breiare kraftgater for å unngå at tre ramla over linjene.

Har brukt store summar på å sikre kraftlinjene

Straumproblema i natt kunne ha blitt verre i den kraftige vinden. Men etter uvêret i romjula 2011 har kraftselskapa lært.

– Dagmar var ein vekkar for bransjen. Vi såg at vi måtte handtere ekstremvêr, og at vi måtte sikre ei trygg forsyning, seier Stadheim.

Han vil difor gje skryt til mannskap som i tida etterpå har sikra straumgatene ytterlegare mot sterk vind.

– Eg vil skryte av montørane og entreprenørane våre som har gjort ein solid skogryddingsjobb langs høgspentnettet vårt, seier han.

– Vi har brukt ganske mykje pengar på å sikre nettet vårt med slik rydding, og vi har også rydda utover det såkalla klausulerte ryddebeltet, seier han.

Det vil seie at dei ryddar breiare enn dei har avtale med grunneigarane å rydde, noko som betyr at dei må betale ekstra. Men det har dei igjen for, meiner Stadheim.

– Er det høg granskog må vi ta omsyn til det. Dei kan stå ganske langt unna, men vil ta med seg linjene våre når dei er så høge, seier han og forklarar at det difor er viktig å få desse trea vekk.

Klare for ein ekstra kvil

Torsdag ettermiddag er både han og dei andre som har jobba sidan i natt klare for ein kvil.

– Vi var fire på kontoret og fire ute i felten, så eg trur nok den gjengen fortener ein ekstra kvil på sofaen, seier Stadheim.