Tre som fall over kraftlinene førte til store problem for kraftforsyninga då orkanen «Dagmar» herja i romjula i fjor.
- LES OGSÅ: Flykta medan huset vart rasert
Kraftbransjen har prioritert linjerydding, men seier det er umogleg å førebyggje den kollapsen i kraftforsyninga ein såg i fjor.
- LES OGSÅ:
– Etter mitt syn så kan ein gjere ting betre, ein kan gjere det målretta, men ein kan aldri førebygge og hindre slik type uver å gjere skade. Det får vi ikkje til, seier fungerande konsernsjef i Sogn og Fjordane Energi, Asgeir Aase.
Ein månad utan straum
Kraftselskapa har hatt folk i sving for å rydde langs straumnettet som fører straumen fram til innbyggjarane. Uvêret «Dagmar»
.Grantre låg på kryss og tvers av kraftlinene og i berre i Stryn var flesteparten av innbyggjarane utan straum i 47 timar. Dei siste fekk att straumen ein månad etter orkanen sine herjingar.
- LES OGSÅ:
Montør Torbjørn Fjellvang i Stryn Energi, seier eit nytt uvêr av den skalaen vil skape liknande tilstandar.
– Gatene blir ikkje breie nok uansett. Då måtte ein hatt gater på 20 meter til kvar side på denne. Det går berre ikkje, seier han.
(Artikkelen held fram under TV-saka)
– Får ikkje rydda nok
Energisjef i Stryn Energi, Jan Træen, skildrar situasjonen under orkanen som kaotisk, uoversiktleg, hektisk og stressande. Dagmar gjorde meir skade og skapte større problem enn nyttårsorkanen i 1992.
– Fordi skogen var 20 år høgare, og nettet 20 år eldre, forklarar han. Træen seier die har prioritert linjerydding, men at manglande kapasitet på fagkompetanse gjer at dei ikkje har fått rydda nok skog.
– Vi har gjort ein del. Vi har rydda ein del skog, kabla ein del, forsterka litt, men det står att mykje. Vi har rett og slett kapasitetsutfordringar med å klare å rekkje over. Mykje står att, konstaterer han.
(Artikkelen held fram under biletet)
– Urealistisk
Hos Sogn og Fjordane Energi meiner den fungerande konsernsjefen at det vil vere urealistisk å kunne rydde så breie kraftgater at ein orkan ikkje vil lamme forsyninga.
I dag er ei kraftgate mellom 15 og 30 meter brei. Skal det hjelpe, seier Aase, må ein rydde kraftgater over alt som er langt breiare enn dei såkalla monsterlinene.
– Det handlar om at vi må ha belte på, la oss seie på 100 meter. Det er ein enorm kostnad å halde det slik, og gir veldige inngrep i naturen, seier han.
– Vil bli straumlaust
– Dette handlar om både inngrep i naturen og økonomi. Samfunnet må nok berre vere budde på at slike hendingar kan komme til å skje igjen, held Aase fram.
Heller ikkje energisjefen i Stryn trur stoda blir så mykje betre om orkanen skulle råke i vinter.
– Kanskje litt betre, men at det vil bli straumlaust igjen, det vil det bli om det blir like ille, avsluttar han.