Hopp til innhold

Meir ulovleg mobilbruk i Vestland

Medan tala på landsbasis er nær halvert – er Vestland einaste fylke i landet der politiet frå januar til april skreiv ut fleire førelegg enn i fjor for ulovleg mobilbruk. 353 førelegg frå januar til april i år, er ein auke på 90 frå same periode. Dagleg leiar Stig Eid Sandstad i organisasjonen Ung i Trafikken trur det kan vere fleire årsaker til utviklinga. – Det kan vere både positivt og negativt at fleire bilførarar blir tekne, seier han.